Høyringsfråsegn/innspel til ny tenestestruktur for Vestland tannhelseteneste 2026-2036 – Rosendal tannklinikk
Plus
Rosendal Utvikling er eit aksjeselskap som skal fremja næringsliv og utvikling generelt i Rosendalsområdet. Selskapet har p.t. 45 aksjonærar/medlemmer, og desse representerer meir enn 400 arbeidsplassar.
1. Innleiande kommentarar
Rapporten/høyringsbrevet om «Tenestestruktur for Vestland tannhelseteneste 2026-2036» er lite balansert. Det er ei overvekt av positive formuleringar og framtidsoptimisme, medan risiko og utfordringar ved dei føreslegne endringane i for stor grad er underkommuniserte.
2. Reisetid
Høyringsbrevet peikar på at reisetida for innbyggjarane er «akseptabel» dersom denne er under 1 time. Ved nedlegging av tannklinikken i Rosendal, vil reisetida for innbyggjarar i fleire mindre bygder i kommunen langt overstiga éin time kvar veg. Dette, saman med eit dårleg utbygd kollektivtilbod, vil gi ei uakseptabel lang reisetid for mange innbyggjarar.
3. Ekstra belastning på familiar og næringslivet
Ei nedlegging av tannhelsetenesta i Rosendal, med flytting av pasientar til Husnes, vil krevja at skulebarn må ta fri frå skulen i minimum 2-3 timar kvar gong dei treng behandling. Dette legg ein urimeleg økonomisk og miljømessig belastning på familiar, ettersom foreldre må ta fri frå jobb for å køyra barna. Dette vil også påføra næringslivet i rosendalsområdet store ulemper og ekstra kostnadar. Verken dette eller den samfunnsøkonomiske kostnaden og belastninga på foreldre/føresette er vurdert.
4. Utfordring for eldre og personar med funksjonsnedsettingar
Sentraliseringa ein legg opp til vil føra til dårlegare tilgang på lovbestemte tannhelsetenester for barn og unge, eldre, personar med funksjonsnedsettingar og låginntektsgrupper.
5. Utfordringar for bebuarar ved Rosendalstunet og ulike bufellesskap
Kvinnherad sin største sjukeheim er lokalisert i Rosendal, og det er også fleire bufellesskap i bygda. Vestlandland fylkeskommune sitt forslag til ny tenestestruktur for tannhelsetenesta, underkommuniserer dei alvorlege konsekvensane som desse brukargruppene vil bli påførde som følgje av ei nedlegging av tannklinikken. Vi stiller spørsmål ved om forslaga er i råd med gjeldande lovverk relatert til forsvarleg helse-/tannlegehjelp. Vi vil også trekkja fram at høyringsbrevet ikkje tar høgde for kostnadar knytt til ekstrabemanning i sjukeheimane, transportutgifter m.m.
6. Rosendal som turistbygd
Rosendal er ein svært viktig turistdestinasjon på Vestlandet, og i turistsesongen aukar folketalet i bygda betydeleg. Dette er også eit moment som talar for å oppretthalda Rosendal tannklinikk.
Vi støttar fullt ut høyringsfråsegna som eit samrøystes kommunestyre i Kvinnherad har sendt inn, innspel frå bedrifter, samt den felles fråsegna til Rosendal bygdelag, Omvikdalen bygdekvinnelag, Rosendal helselag og Rosendalstiftinga. Dette og det store engasjementet i bygda for å oppretthalda tannklinikken, gjer at nedlegginga må reverserast.
Vi stiller elles store spørsmålsteikn ved at det over lang tid ikkje har vore drift ved Rosendal tannklinikk, og dette sjølv om det ikkje ligg føre politiske vedtak om at klinikken skal leggjast ned. Dette er alvorleg, og vi føreset at fylkespolitikarane ber administrasjonen/fylkestannlegen om å gi ei nærare forklaring på forholdet.
For styret i Rosendal Utvikling AS,
*Knut Førland, *styreleiar