Herold

Nok eit tjuveri i bygda: – Eit aukande problem

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2025-12-15 13:07:11
Nok eit tjuveri i bygda: – Eit aukande problem

Sundag vart nok eit tjuveri oppdaga. Denne gongen skal det ha blitt stole klede frå ein butikk på Amfi-senteret.

Fann dei igjen

Auke i ungdomsgjengar

Fylgjer opp

Før helga melde politiet om eit tjuveri der ei ung jente vart tatt på fersken i ein butikk. Sundag oppdaga butikktilsette eit nytt tjuveri, denne gongen i ein butikk på Amfi-senteret.

Dagleg leiar i Voss Vekter og Sikringsteneste AS, Atle Vik Didriksen, fortel at dei vart tilkalla gjennom naudalarm-knappen som alle butikkar har for å tilkalla vektaren.

– Dei tilsette hadde sett, og i tillegg fått beskjed av kundar, at ein person hadde tatt noko frå butikken. Då me såg på overvakingskamera fekk me eit bilete av vedkomande som me kunne jobba etter.

Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=445413

På overvakingskameraet såg dei at vedkomande, saman med tre andre, forlèt senteret fort etter tjuveriet.

– Då kalla eg ut ein annan vektar som tok seg ein runde for å sjå. Han hadde ein intuisjon om å sjekka på togstasjonen, og der fann han dei. Der fekk han konfrontert tjuven, og tilfeldigvis var det ein politipatrulje der, som hjelpte oss med å få identifikasjon på vedkomande, fortel Didriksen.

Vektarane fekk også levert kleda tilbake til butikken.

– Det heile løyste seg veldig fort. Mellom anna på grunn av kameraovervaking. Det er eit veldig viktig hjelpemiddel for oss, seier Didriksen.

Han har den siste tida montert fleire kamera i butikkane på senteret.

I fellesområda er det eigne kamera, men fleire vel no å installera kamera inni butikkane også.

– Me ser ein auke i steling mellom ungdom heilt ned i 10-12-årsalderen. Me har ein del ungdomsgjengar innom som stel og som ikkje skjønar konsekvensane av det. Vektarane får meldingar av butikkane som har utfordringar, seier Didriksen.

– Eg trur foreldra må bli meir merksame på kva ungdomane driv med, legg han til.

Kolbjørn Skutle hjå Voss politistasjon seier dei fylgjer opp saka.

– Det blir sak hjå politiet. Patruljen fylgjer opp med foreldra til vedkomande.

Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=445560

Tok ung jente på fersken: – Ein angrande syndar

Her vert mannen fanga på video. I retten måtte han svara for mykje meir