Opplever at mange tek bilde og filmar frå ulykkesstader: – Vis omsyn og respekt for menneske i sjokk og sorg
Plus
Naudetatane opplever at mange tek bilde og filmar når dei er på ulykkesstader, noko som er utfordrande.
Politiets Nettpatrulje Møre og Romsdal har delt eit innlegg på Facebook-sida si, der dei skriv at naudetatane opplever at mange tek bilde og filmar frå ulykkesstader, og at dette er utfordrande både for dei som er utsette for ei ulykke, og for naudetatane.
Dei har difor eit førjulsønske:
- La ambulanse, brann og politi bruke ressursane sine på å hjelpe dei som treng det, og ikkje på å måtte verne dei mot publikum som ønsker seg bilde og film frå hendinga. Det er ulovleg å dele bilde av menneske i svært sårbare situasjonar.
Dei peikar vidare på at det kan opplevast som ei ekstra belastning for dei som har vore i ulykka å vere lagra på film eller bilde hos mange ukjente – og å risikere å sjå seg sjølv att i sosiale medium.
– Vis omsyn og respekt for menneske i sjokk og sorg, er oppmodinga frå politiet, brannvesenet og helsevesenet.