Frei Barnekor i Hov kyrkje: Familieunderhaldning av ypparste klasse
Plus
Ei mesta fullsett Hov kyrkje tok i mot Frei Barnekor, som pÄ si side presenterte ein konsert som var fylt av songglede og evnen til Ä gi publikum ekte underhaldning. Og kanskje mest imponerte solisten med rÞter til Sunndal.
- Skal ta barna pÄ alvor
Velfortent applaus til stjernetenoren
Anna Ulvund-Klokseth fekk synge solo pÄ "à kom nÄ med lovsang" saman med Nils Arne Halle Erstad, og ho imponerte publikum i den siste songen i det offisielle programmet. Ikkje berre Anna, men ei lang rekke av dyktige solistar fekk tre fram pÄ kyrkjegolvet denne sÞndagskvelden.
Laurdag heldt dei konsert for ei fullsett Frei kyrkje, noko som er fast tradisjon for barnekoret. Men det er fÞrste gang Frei Barnekor tar turen til Hov kyrkje, men vonleg ikkje siste gangen. Det er eit kor med mykje aktivitet, og denne hausten har kanskje vore ekstra travel, for fÞrste sÞndag i advent deltok dei i den tv-sendte gudstenesta frÄ Kirkelandet kyrkje.
Totalt har heile koret 38 barn med i alderen frÄ fem Är og oppover, delt opp i to grupper; ei aspirantgruppe for barn frÄ fem til sju Är og ei gruppe for dei frÄ 3. klasse og oppover. Ikkje alle var med til Hov kyrkje, men ei fin rekke av aspirantar fylte opp framfÞre dei eldste i koret. PÄ den eine sida av koret satt ei rekke av strykarar pÄ fiolin og cello som var henta inn frÄ NTNU og pÄ den andre sida satt musikarane som sÞrga for at alle heldt takta - flygel, to sett trommer, bass og ein klarinett. Med andre ord: Med ein god miks av profesjonelle musikarar og amatÞrmusikarar var ingen ting overlate til tilfeldigheitene.
Og nettopp det er pianist i koret, Rune Tylden, opptatt av.
- Det er viktig Ä ta barna pÄ alvor og Ä tenke kvalitet i det tilbodet ein gir dei. Ei slik satsing kostar litt, understrekar han til publikum.
Til Aura Avis fortel han at det med julekonsert var noko som blei starta opp relativt kort tid etter at koret starta for snart ti Är sidan under leiing av han og Cathrine B. Haukenes som dirigent. Dei har vore med heile vegen.
- Det begynte i det smÄ, men dei siste fem-seks Ära har vi alltid hatt ein stor julekonsert i Frei kyrkje, og kvart tredje Är drar vi ein annan plass og syng ein konsert nummer to. Den fÞrste gangen var vi i Stangvik og denne gangen er vi her. I lÞpet av Äret har vi to store konsertar, ein om sommaren og ein til jul. Vi har ogsÄ spelt inn eit par musikkvideoar, den eine songen framfÞrte vi her i konserten, fortel Tylden, som og har jobben med Ä lage arrangement til det dei framfÞrer.
FrÄ Sunndals lokale musikkliv deltok bÄde Hov barnegospel og Nora Hjelseth og Leah Isabelle Lervik. Dei to sistnemnte song duett pÄ songen "Jeg skal finne deg" av gruppa ULD, som har blitt ganske kjent i lÞpet av dette Äret.
Hov barnegospel deltok pÄ eit par av songane, og pianisten i barnegospelkoret, IngebjÞrg Charlotte Paulshus Storset, er glad for at koret fekk vere med. Dei er for tida 14 barn i fire-fem-Ärsalderen, men med plass til fleire.
Som nemnt var Nils Arne Halle Erstad, NordmÞres eigen stjernetenor, med som solist, bÄde saman med koret og Äleine. Soloen han hadde med koret pÄ songen "Stjernesludd" var verkeleg framifrÄ, og han gjekk alle andre som har tatt den inn pÄ sitt repertoar, som eksempel Kurt Nilsen, ein hÞg gang. Etter Ä ha framfÞrt "O helga natt" Äleine fekk han stÄande applaus frÄ fleire blant publikum.
Etter konserten fortel Erstad at det er ei travel tid til han. Han skal rett frÄ SunndalsÞra til Kristiansund for Ä sove, for han er innbooka pÄ pysjflyet til Oslo og vidare til Kristiansand neste dag.
- Eg har pendla sÄ mykje mellom Kristiansund og Kristiansand i haust at det gÄr nesten litt i ball. Det er mogleg Ä booke fly frÄ Kristiansund til Kristiansund, tru det eller ei, sÄ eg mÄ passe godt pÄ slik at flybestillingane blir riktige.
Allereie torsdag kveld er han tilbake i Hov kyrkje nÄr han blir Ä hÞyre saman med Dalen Mannskor i deira julekonsert. Kanskje blir det mogleg endÄ ein gang Ä hÞyre han synge "O helga natt" der.