Cittaslowbygda Ulvik baklengs inn i framtida?
Plus
Slow Food Hardanger ser med stor bekymring på at Ulvik herad vurderer å tillata oppdrettsanlegg i Bruravik.
Ulvik herad har sidan 2015 vore medlem i det internasjonale Cittaslow-nettverket. Eit nettverk av småbyar og bygder rundt om i heile verda som legg vekt på å verna om småsamfunn og skapa levande og berekraftige lokalsamfunn der trivsel, lokal kultur og naturopplevingar står i sentrum. Cittaslow-kommunar skal fremja ein livsstil som tek omsyn til miljøet og forpliktar seg til å arbeida for ei berekraftig utvikling. Å ta vare på det unike fjordlandskapet i indre Hardanger står høgt på ei slik berekraftsliste. Gjer ein grønt ljos til oppdrett i Bruravik vil det vera å slå fullstendig bein under sentrale verdiar som Ulvik herad står for gjennom medlemsskapet i Cittaslow.
Miljøtrusselen frå oppdrettsnæringa er ein tematikk som har fått stor merksemd over lang tid. Oppdrettsanlegga slepp ut mengder av avfallsstoff som nitrogen og antibiotika. Lakselus og rømming av oppdrettsfisk truar den utsette sjøauren og villaksen i elvane og fjordane våre. Hardangerfjorden er ein terskelfjord med eit svært sårbart økosystem. Havforskingsinstituttet sine målingar har stadfesta urovekkande verdiar av giftstoff og mangel på oksygen som trugar det naturlege mangfaldige livet og økobalansen i fjorden. Dette er ein av grunnane til at kommunane i indre Hardanger til no har vore samde om å ikkje tillata oppdrettsnæring i fjorden innanfor Ålvik.
Selskapet Bruravik Utvikling har planar om eit lukka oppdrettsanlegg i sjø, og utbyggjarane peikar på at sjøanlegga skal nytta lukka teknologi. Dette for å unngå spreiing av lakselus/larver, og for å kunne samla opp slam slik at utslepp til fjorden vert avgrensa samanlikna med tradisjonell oppdrett i opne merdar. Det er lett å tenkje at ny teknologi gjer det mogleg å vera positiv til at ei oppdrettsnæring og eit fjordlandskap kan gå hand i hand. Slik er det slett ikkje. Det er grunn til å stilla spørsmål omkring kva type avfall og kor store mengder av nitrogen og kjemikaliar som blir slept ut i fjorden frå eit såkalla lukka anlegg. Dette bør klarleggast betre, ny teknologi er ingen garanti for at miljøkonsekvensane framleis er store og skadelege.
Her kan det koma ny kjempesatsing med 15 nye arbeidsplassar
I Statsforvaltaren sin rapport, «Reinseeffektar i akvakulturanlegg», kjem det fram at lukka anlegg har bra reduksjon av organisk materiale, men filtreringsteknologien har avgrensa effekt for utslepp av oppløyste næringssalt. Framleis vil i underkant av 90 prosent nitrogen frå anlegget gå rett ut i fjorden. Dette vil auka faren for overgjødsling og oppblomstring av trådalgar, såkalla lurv. Lurven truar andre artar på fjordbotnen og kan i verste fall føra til ei kveling av sjø og fjord. Dette er i dag eit aukande og urovekkjande problem i fleire deler av landet.
Oppdrettsnæringa nyttar også kjemiske stoff for å beskytta merdane mot gjengroing og bakteriar. Store mengder av slike stoff blir liggjande att på fjordbotnen. Nedbrytingstida er svært lang. Eit anlegg som dette i Bruravik vil føra til ei ytterlegare kjemisk krigføring mot ei rekke naturlege mikroorganismar i ein allereie sårbar Hardangerfjord. Det finst i dag eit sterkt kunnskapsgrunnlag for at eit «lukka» sjøanlegg framleis har mange risikofylte miljøkonsekvensar. At Ulvik herad, som ein Cittaslow-kommune , skal gå i bresjen for eit slikt eksperiment i ein allereie truga Hardangerfjord, er mildt sagt inkonsekvent.
I FN sine berekraftsmål pkt. 14.1 heiter det: innan 2025 forhindre og i vesentleg grad redusere alle former for havforureing, særleg frå landbasert verksemd, inkludert marin forsøpling og utslepp av næringssalt.
Eit slikt mål meiner me bør vera langt framme i panna på ein Cittaslow-kommune som set seg som mål å vera «perla i Hardanger», med eit stadig aukande fokus på reiseliv, turisme og levande lokalkultur.
Å tru at ein kan få både i pose og sekk er ei farleg øving. Her bør heradet sjå til kommunar som Gildeskål i Nordland som tok valet om å spela på lag med naturen i si framtidstenking, både for besøkjande og for innbyggjarane. Det er mange likskapar mellom øyparadiset i nord og «perla vår» her i vest. Gildeskål valde verken oppdrett i sjø eller på land. Dei valde å forvalta naturområdet dei har, som er heilt unikt. I kommunen si grunngjeving står det mellom anna:
Fleinvær er et viktig frilufts- og rekreasjonsområde, med aktiviteter som padling, roing, fisking etc. Oppdrett i området kan komme i konflikt med reiselivsnæringen og friluftsinteressene og kan svekke opplevelsen av uberørt natur og kulturlandskap.
Hardangerfjorden og landskapet rundt er av mange omtala som eit av verdas vakraste natur- og reisemål. Vakker og spektakulær natur, den lokale kulturen, og kulturlandskapet me lever i og forvaltar, er årsaka til turistar frå heile verda kjem hit. Reiselivsnæringa i Hardanger er tufta på lange tradisjonar med naturopplevingar, kulturhistorie og mattradisjonar. Eit stort og dominerande oppdrettsanlegg slik Linga Laks og Eide prosjekterer, er dimensjonert for ein produksjon på 12.000 tonn fisk årleg. Dette er 3-4 gonger større enn eit gjennomsnittleg anlegg. Eit oppdrettsanlegg av denne dimensjonen vil vera eit dominerande syn i fjordlandskapet, og svært uheldig og strategisk plassert rett i innseglinga til Eidfjord, Osafjorden og Ulvikafjorden.
Urørt natur er ein kapital som vil få større og større verdi i framtida, og som Ulvik herad som Cittaslow-kommune har eit særskilt ansvar for å verna og hegna om. Etablering av eit oppdrettsanlegg er å gå baklengs inn i framtida for bygda vår, for fjorden og for Hardanger.
Slow Food Hardanger etterlyser ei meir kunnskapsbasert og heilskapleg fjordforvaltning, før ein gjev klarsignal til utbygging av eit oppdrettsanlegg som dette. Me stiller også spørsmål omkring forvaltningspraksisen i Ulvik herad. Er ikkje ei utbygging av dette omfanget, med alle dei usikre momenta kring miljøkonsekvensar for Hardangerfjorden, ei sak som burde vore handsama i samspel og samarbeid med dei andre kommunane i indre Hardanger? Fjorden vår er eit sårbart økosystem der skadeomfanget vil råka heile indre Hardangfjord. Fjorden er også vår største ålmenning. Den må forvaltast i felleskap.
Burde ikkje også dialogen med innbyggjarane i Ulvik vore meir open og inviterande? Å opna opp for oppdrett inst i Hardangerfjorden er ei kontroversiell vending som vil få store konsekvensar for bygda si framtid. Ei så omfattande utbygging, som vil gje ringverknadar for heile indre Hardangerfjord, bør løftast inn som ein revisjon av samfunnsdelen i kommuneplanen. Ulvik herad bør etter vårt syn opna opp for ein større prinsipiell diskusjon blant innbyggjarane i Ulvik og i nabokommunane. Planarbeidet ligg ute, men her må Ulvik herad gjera meir enn som så. Eit folkemøte kunne vore ein god start.
Føre-var-prinsippet i naturmangfaldslova må vera førande for all aktivitet som vedkjem Hardangerfjorden. Me får her kjensla av at Ulvik herad tek snarvegar i denne prosessen. Snarvegar som truar både livet i fjorden og lokaldemokratiet.
Tek Ulvik ein demokratisk snarveg i møte med oppdrettsnæringa?
Svar til Klaus Rasmussen
Oppdrett i Bruravik – delta i debatten