Herold

Alt heng saman med alt, også i Innlandet

Plus
Kilde: GD Author: Thorleif Fjeld, Lom Published: 2025-12-15 11:48:18
Alt heng saman med alt, også i Innlandet

Hanne Velure (H) skriv i eit nyleg innlegg at når ein har fylt 62 år, så er ein gamal nok til å seia ting rett ut utan å pakka det inn. La oss håpe at alle, sjølv utan å ha samla minst 62 bursdagar, kan kjenne på fridomen til å seia ting rett ut utan å pakke det inn.

Politikerne lager politikk for en fremtid som ikke finnes!

Velure seier vi står midt i ei omstillingskrise med eit stort aukande antal eldre, demografien endrar seg. Vidare seier Velure at «utanforskapet er vår største uutnyttede ressurs, 700 000 nordmenn i yrkesaktiv alder står utanfor arbeid eller utdanning», dette ser ut til å uroa Velure. Innlandet fylkeskommune har nyleg hevda at dei skal bli best på «innanforskap», – men innanforskap skapast dessverre ikkje med fine ord.

Ap, H og MDG; med politisk fleirtal i innlandet er det på tide å sjå følgjer av eigen politikk, det eine dreg det andre med seg, ting heng saman.

Dykk fjerna livskraftige vidaregåande skular i distrikta, dette vil mest truleg føre til at enda fleire elevar fell utanfor, utanforskapet vert eit enda større problem, dei økonomiske verknadane for Norge vert enda større. Det vert enda færre hender i arbeid, hendene Velure etterspør, hendene som kunne bidrege med arbeidskraft og skattepengar. «Innanforskapet» blir borte. Nærskule er for mange heilt avgjerande om dei blir ein del av utanforskapet eller ikkje.

Det framstår veldig rart at Velure og det politiske fleirtalet er uroa for utanforskap, samstundes som dei fjernar eit av dei viktigaste verktøy vi har for å unngå det, – vidaregåande skular i nærleiken av der ungdommane bur.

Ap, H og MDG armar ut distrikta med sin politikk i Innlandet, folket skal samlast i store regionsentera og byar. Byar har alt stor utfordringar som bustadmangel, arealknappleik, trafikkproblem, forureining, kriminalitet m.m., dei har nok folk og nok problem.

Distrikta utgjer ei enorm verdiskaping for Norge i form av matproduksjon (både på land og i havet), kraftproduksjon, skogbruk, reiseliv m.m. Det må bu folk i distrikta, og det er plass til mange fleire. Ny teknologi gjer det mogleg at folk både kan jobbe og gå på skule desentralisert.

Dersom skylappar takast bort, og kreativitet vert teke fram, så er det uavgrensa moglegheiter. I staden for heile tida å tenkje at sentralisering er løysing på nødvendig omstilling og demografiproblem, – tenk heller på alle moglegheiter distrikta har. Byar skal vi ha, – og må vi ha, det same gjeld distrikta.

Vi høyrer stadig mange fine ord om beredskap. Eg har sett Dagsrevyen i nokre tiår, tallause reportasjar med krig og elende. Eg har framleis til gode å sjå ei reportasje der folk flyktar inn til store stadar og byar ved ein krig, dei flyktar vel heller til stadar det kan dyrkast mat, til stadar der ein finn reint vatn sjølv om straumen er borte i dagevis, – til distrikta. Ein dag kan faktisk reportasjen i Dagsrevyen væra frå Norge, – kanskje nokon då endeleg vil setje pris på at distrikta framleis er levande, at det bur folk der, at dyrka matjord ikkje er attgrodd av villkratt fordi folket som dreiv der vart tvinga til å flytte til større byar og tettstadar, – som fylgje av at nokon hadde regionalisert eller sentralisert. Alt heng saman med alt.

Kva kan gjerast med demografiendringar og utanforskap. Kanskje står svara i fleire hundre innspel til strukturendringar for vidaregåande skular i 2024? Kanskje står svara i prof. emr. Håvard Teigen sine innlegg i media? Kanskje står svara i Innlandet fylkeskommune sine eigne vedtekne planar og strategiar? At svara finst i Brussel er vel heller tvilsamt ...

Kan distriktspolitikk kome på dagsordenen att?

Støstad kan ikkje rømme frå ansvaret!