I år samla denne gjengen seg i hovudstaden. På nyåret blir det nytt treff
Plus
Kvinnherad Næringsservice og utflytta kvinnhering Kjetil Tvedt gjentek suksessen også i 2026.
Vil ha med seg ei bedrift
Etter eit initiativ frå utflytta valebu Kjetil Tvedt, inviterte Kvinnherad Næringsservice til eit kvinnheradtreff i hovudstaden 13. februar.
«Utgangspunktet er å gi kvinnheringar ein plass å treffa andre kvinnheringar, men på sikt så håpar vi at det kan bidra til at vi kan få folk heim igjen», sa Bente Marie Sjo i Kvinnherad Næringsservice om arrangementet til Kvinnheringen i fjor.
Heile 20 kvinnheringar møtte opp på «Bakgården på Løkka» 13. februar.
– Vi fekk veldig fine tilbakemeldingar frå dei som møtte. Det var folk frå Halsnøy til Seimsfoss i alderen 25 til 75. Her fekk dei treffa andre utflytta sambygdingar og delte eit varmt engasjement for heimkommunen. Det var veldig kjekt, seier Sjo.
«Fjordkatt» slit med å halda ruta si: – Vi er i tett dialog med Norled
*Difor var dei ikkje i tvil om at dei ville dra på eingong til. Saman med Kjetil Tvedt inviterer dei til nytt kvinnheradtreff i hovudstaden 11. februar neste år. *
– Dette har vi lyst til å gjera til ein tradisjon, både for dei som er godt etablerte i Oslo og for dei som kanskje vil koma heim igjen. Vi håpar at kvinnheringar, dei som kan bli kvinnhering eller dei som har lyst til å vera kvinnhering i Oslo, kjem på treffet 11. februar, seier Sjo.
Treffet skjer på same plass som i fjor, men staden har fått nytt namn og heiter no Bab Touma Bar.
– Eg håpar å få med ei bedrift eller to frå Kvinnherad som kan fortelja om spennande moglegheiter heime. Dette kan vera ein god anledning til å rekruttera ønskt kompetanse, seier Sjo.
Ho oppmodar også folk i Oslo om å spreia ordet.
– Det var mange som ikkje fekk det med seg sist, så det er berre til å dela det med vener eller familie i Oslo, sluttar ho.