Brann rett ned: – Utruleg trist om nokon har tent på
Plus
Natt til søndag brann det i to bosspann ved E39 i Alver. No ber politiet om tips for å finne ut kva som har skjedd.
Ønsker tips
Informerer folk om bruken
– Dei er ikkje lette å kjenne att, men det er våre spann.
Det seier kommunikasjonsrådgivar i NGIR, Tina Kvamme, til NH måndag føremiddag. Hos renovasjonsselskapet i Kjevikdalen har dei akkurat fått kjennskap til brannen som oppstod i to av bosspanna deira denne helga.
Klokka 03.33 natt til søndag kom meldinga til politiet at det brann i spanna. Dei stod ved ein undergang på E39 ved krysset til Hindenes i Alver.
Brannen blei raskt sløkt av det lokale brannvesenet.
Kva som er årsaka til hendinga er enda uvisst. Då naudetatane var på staden natt til søndag var det ingen personar å sjå i nærområdet.
Hos politiet i Nordhordland har dei oppretta sak på hendinga. No ber dei om hjelp frå publikum for å finne ut kva som kan ha skjedd.
– Vi ønsker tips til saka. Om det er nokon som veit noko, så ta kontakt med politiet, seier politioverbetjent Kurt Inge Hordvik til NH.
Hos NGIR i Kjevikdalen håpar dei at det er ingen som med vitande og vilje starta brannen.
– Det er utruleg trist om nokon har tent på spanna. Det går utover fellesskapet, seier Tina Kvamme i NGIR.
Ho peiker på at det er ein kostnad knytt til å rydde opp og få på plass nye spann på plassen.
Kvamme nyttar høvet til å informere folk i Nordhordland om kva som er trygt brannvern rundt handteringa av avfallet ditt.
No på vinteren er det mange som fyrar i peisen for å halde varmen. Då er det viktig å tenke på kva ein skal gjere når ein skal kvitte seg med oska.
– Ikkje kast det i bosset før det er heilt nedkjølt.
Samstundes peiker Kvamme på at batteri og elektronisk avfall ikkje skal i restavfallet.
– Desse skal leverast til gjenvinningsstasjonane våre.