Opna for jakt på «fritt dyr»: Slik vart resultatet
Plus
I løpet av årets reinjakt vart det felt 513 dyr på Hardangervidda. Mellom 1996–1999 vart det i snitt skote 3 760 villrein i dette området.
Før var snittet 3 760 felte dyr
I 2025 vart det skote 513 dyr i løpet av reinsjakta på Hardangervidda, og Hjorteviltportalen melder at 360 av desse var eldre bukkar. Fellingskvoten i haust var på 3 000 dyr, der 2 500 var for vaksne bukkar.
Funn av skrantesjuka, også kalla CWD, har i fleire år prega forvaltninga av villrein og eit tiltak for å hindra spreiing av sjukdomen har vore å redusera bestanden og minimalisera talet på vaksne bukkar. Dette har ført til ei utfordrande reinjakt, og i haust vart det for første gang på fleire år delt ut korttypane «kalv» og «valfritt dyr».
Vil motverka jegartrøyttleik og motivera førstegongsjegerar
– Me i nemnda er rimeleg einige med utvalet om årets kvote, og følger deira framlegg om 3000 dyr. Dette vil me fordela på 2500 vaksne bukkar på 2,5 år eller eldre, 250 kalvar og 250 valfrie dyr, sa Samson Hamre då kvoten vart vedteken.
Hamre presiserte at dei som fekk eitt av dei 250 fellingsløyva for frie dyr, altså kunne fella kalv, simle eller vaksen bukk. Desse korta var prioriterte til ungdom og førstegongsjegerar, og fasiten er no at det vart felt 153 kalvar eller simler.
Ifølge Statistisk sentralbyrå vart det i år skote 3 850 villrein i Noreg, som er ein auke på nesten 600 dyr frå botnåret 2024. Trass i denne auken er uttaket blant dei lågaste sidan 1973, og ein skal berre kjenna til to andre år med så låge tal.
Hardangervidda er det største villreinområdet i Noreg, og mellom 1996–1999 vart det i snitt skote 3 760 villrein i dette området. Det resulterte i ein bestandsnedgang, og jakta vart sterkt redusert i fleire år, før det tok seg noko opp att før funn av skrantesjuka starta å påverka forvaltninga.
435 testar: – Negative prøvar gir liten informasjon
I fjor vart det felt 388 bukkar på Hardangervidda, og ifølge overvakingsprogrammet for skrantesjuka er det ikkje funne spor av den frykta dyresjukdommen. Skrantesjuka (Chronic Wasting Disease, CWD) er ein dødeleg prionsjukdom hjå hjortedyr, og det er tidlegare funne to tilfelle på vidda. Heller ikkje i år vart det funne spor av sjukdommen.
Har landa tre uttalar: Ullensvang vernar villreinen – og lokale rettar
🔗 Published by 2 sources - Compare:
📰 Same Event Coverage (1 articles)
These articles appear to cover the same news event, detected by different methods: