Herold

Kva grunn skal folk ha for å busetja seg i Rana når dei har heile landet å velja i?

Plus
Kilde: Rana Blad Author: Einar Sørlid Bondevik, leiar Rana KrF, Mo i Rana Published: 2025-12-15 07:56:57
Kva grunn skal folk ha for å busetja seg i Rana når dei har heile landet å velja i?

Kommunen har vore snar med å bli med på alt som er stort og dyrt. Då heiter det «framoverlent utvikling». Som ein konsekvens av denne satsinga må det nå sparast og skjærast ned. Og kommunen som for få år sidan hadde ein visjon om 5000 nye innbyggjarar – og endå fleire om Freyr-satsinga hadde blitt realisert -, ser no berre fram mot eit stadig redusert innbyggjartal. Diverre ser det ut til at kommuneleiinga gjer sitt beste for å oppfylla den dystre profetien om færre innbyggjarar.

«Vi går tom for hender før vi går tom for pengar,» har ordførar Waage sagt og vist til manglande personell i helse- og omsorgsarbeidet. Innanfor industrien er det òg utfordringar med å få tak i nok og kvalifisert personell. Men kva gjer kommunen for at potensielle arbeidstakarar skal koma hit eller bli verande i Rana? Vi kan ikkje endra verken været eller geografien. Ny flyplass eller nye nattog (ein gong i framtida) vil heller ikkje vera avgjerande for at folk kjem hit for å bli og bu. Det viktigaste ein kommune kan gjera er å skapa gode bu-område, trygge og gode oppvekstmiljø – og stabilitet for familiar med barn og unge.

Dei stadige framlegga om nedlegging av skular er det motsette av kva kommunen skal gjera for å vera attraktiv å bu i. Familiar vel bort Rana på grunn av skulesituasjonen. Fleire har flytta frå Rana og andre seier skulesituasjonen gjer Rana er uaktuell å flytta til. Summen er at vi mister barn og vi mister arbeidstakarar både til kommunale tenester, sjukehus og industri og næringsliv. Ein ny flyplass vil gjera det lettare for arbeidstakarar å koma til og frå Rana, men skal det bli ein flyplass som fraktar arbeidstakarar i «Nordsjø-turnus» medan dei har bustad andre stader i landet?

Posisjonen gjer eit siste forsøk på å finna det umogelege med å senda nye skule-forslag på høyring. Erfaringa viser at det er ingen grunn til å festa von til ein slik ny runde. Svara som tidlegare har kome inn har ikkje blitt lagt vekt på. Premissa er lagt frå før. Det er «mange tomme pultar», sjølv om desse tomme pultane er vanskelege å sjå i praksis. Det er fullt opp i klasseromma, og der det er mest fullt, som på Skonseng, skal det visst vera mest å spara på å legga ned. Og det verste som kan henda er om det blir starta privatskule for å både ta vare på eit oppvekstmiljø og tilby alternativ pedagogikk. Samtlege kommuneparti var samde om at skulen på Storforshei var i tragisk forfatning både i 2019 og 2023. Den er fortsatt like elendig, men skal bergast med brakke-rigg. Det har gått over seks år, og svaret er brakke-rigg. Kva grunn skal folk ha for å busetja seg i Rana når dei har heile landet å velja i?

Ved sist val mangla Rana KrF ei handfull stemmer frå å få ein representant i kommunestyret. Vi har difor inga stemme når budsjett skal leggjast og prioriteringar skal gjerast. Difor må vi berre venda oss til de som har fått tillit av folket i Rana: Gjer ikkje nedgangen i folketalet til ein sjølvoppfyllande profeti. Lag gode oppvekstmiljø. Hald på skular i nærmiljøa. Det er ikkje småskular med eit titals elevar som no skal leggast ned, men område der barn og unge kan trivast – om dei kan vera der og ikkje blir sendt ut på lange reiser kvar dag. Greier vi (og de) å få til det, då får vi òg folk som kan vera i lag med dei eldre, både for gjensidig glede og trivsel og for å fylla arbeidsoppgåvene som er.