Amund (18) hadde mål om speletid før sesongen – enda opp som årets spelar og toppscorar
Plus
Denne sesongen har to kvinnheringar utmerka seg i Sportsklubben Haugar i Haugesund.
Målscorar
Amund Hella Berge-Soldal og Bettina Øye Guddal blei begge heidra som årets spelar i klubben under sesongavslutninga.
– Det var kjekt. Me har hatt ein bra sesong og då er det fint å bli løna med noko no som den er ferdig, seier Berge-Soldal.
Haugar sitt herrelag var nyopprykte i 4. divisjon i år og greidde å halda seg med ein 6. plass til slutt. Damelaget enda på ein 8. plass i 3. divisjon og Guddal spelte 16 kampar.
Blir ny Stord-trenar
Berge-Soldal scora ni mål for A-laget, og 16 totalt med junior og B-laget inkludert.
– Eg er eigentleg veldig nøgd med sesongen. Det var gøy å få scora litt mål og enda opp som toppscorar på laget. Det var ein bra sesong både for meg personleg og for laget, fortel 18-åringen frå Uskedalen.
– Målet var å halda oss i divisjonen og komma rundt midt på tabellen. Sjølv hadde eg mål om å få mest mogeleg speletid. Begge måla gjekk i boks, noko som var veldig kjekt, legg han til.
På Haugar er han lagkamerat med Joakim Våge Nilsen som var venstreback for FK Haugesund i ei årrekke.
Dette var 18-åringen sitt andre år på A-lagsnivå og hans første sesong som spiss. Berge-Soldal er inne i sitt siste år på Haugesund Toppidrettsgymnas.
– Det gjekk ganske bra. Målet framover for meg er å spela på eit bra nivå. Etter kvart ønsker eg å komma meg litt opp i divisjonane. Det hadde vore kjekt, seier den unge fotballspelaren til slutt.
Mann, Minde og Kråmyrane. Desse laga kjem til Husnes i 2026