Konsekvensar for Svelgen sentrum – behov for ei breiare vurdering
Plus
Styret i Svelgen Opp og Fram ber om at det vert gjort ei konsekvensvurdering av framlegget til budsjett med investeringar i Fløy I, tidlegare «Maliabygget», og eventuell flytting av bibliotek og kulturavdeling.
*Styret i SOF *tek ikkje stilling til kvar biblioteket bør vere i framtida – dette er eit politisk val. Samstundes er vi opptekne av å vere ein konstruktiv aktør for eit triveleg og aktivt sentrum. I den samanhengen saknar vi ei vurdering av korleis flytting av biblioteket og endring av kulturavdelinga sine lokale kan påverke utviklinga av sentrum som sosial og kulturell møteplass.
SOF ber særleg om at følgjande spørsmål vert avklarte:
Vår vurdering så langt
Styret i SOF støttar arbeidsutvalet sitt framlegg om å legge kulturskulen til den nye skulen. Vi meiner at gode, moderne og tilpassa lokale kan gi kulturavdelinga eit fagleg godt og trygt arbeidsmiljø.
Samtidig ser vi at sentrum treng møteplassar, aktivitet og tilgjengelege tenester for å halde seg levande. Biblioteket og tilhøyrande funksjonar har i dag ei rolle i dette, og ei endring i plassering kan ha konsekvensar som vi meiner må utgreiast grundigare før det blir gjort endelege vedtak.
Oppmoding
Styret i Svelgen Opp og Fram ber om at saka om kjøp av 1. etasje i Fløy I, «Maliabygget», vert utsett til konsekvensane for sentrum er kartlagde og presenterte – både med omsyn til næringsliv, levande sentrum og dei tenestene kulturavdelinga skal levere.
Vårt mål er ikkje å favorisere éi løysing framfor ei anna, men å sikre at både kulturavdelinga sine behov og omsynet til eit levande sentrum blir godt ivaretekne før politikarane tek stilling.
- Vil ei flytting av biblioteket føre til at lokalet på hotellet blir ståande tomt eller lite brukt, og kva betyr dette for aktivitet og liv i sentrum – inkludert mogleg drift av kafé?
- Vil ei flytting påverke gjennomføringa av det planlagde overbygget/glasgata, som har vore omtalt som eit mogleg løft for sentrum?
- Vil kulturavdelinga få eit godt, trygt og funksjonelt tilbod i nye lokale ved skulen eller i Fløy I, «Maliabygget», sett både frå tilsette sin ståstad og frå kommunen sitt ansvar for tenester til innbyggjarane?