– Ein utflytta arbeidsplass kan bety ein familie mindre i Gjerstad
Plus
Vil Gjerstad kommunestyre flytte viktige arbeidsplassar frå Gjerstad til Grimstad, spør Ole Jakob Bråten frå Gjerstad i dette lesarinnlegget han har sendt Aust Agder Blad.
God og kostnadseffektiv drift av arkiv, lønn og rekneskap
Usikker økonomi ved å satse på AKST
Lokalt samarbeid med nabokommunane
Forslaget som skal opp i kommunestyret torsdag 18. desember er å flytte dei kommunale oppgåvene arkiv, rekneskap og lønn (2,4 årsverk fordelt på fem tilsette) frå Gjerstad kommune til Agder kommunale støttetjenester (AKST).
AKST i Grimstad.
Dersom politikarane vedtar kommunedirektørens innstilling, kan dette få negative verknader for Gjerstad både med omsyn til folketal og økonomi.
Statistisk sentralbyrås prognosar for Gjerstad viser at vi får ein stadig mindre del av folk i yrkesaktiv alder. Dette vil gi betydeleg lågare skatteinntekter til drift av skule, helse og andre nødvendige samfunnsoppgåver.
22 prosent av folk i Gjerstad er nå 67 år eller eldre. Om 25 år vil denne gruppa auke til heile 35 prosent av folketalet.
For Gjerstad er det derfor svært viktig å behalde arbeidsplassar i kommunen, særleg arbeid som krev ein del utdanning. Arbeidslivet i Gjerstad er meir einsidig og sårbart enn i mange andre kommunar, og er for ein stor del basert på kommunal verksemd og handelsnæringar på Brokelandsheia.
Mange yngre som tar utdanning må flytte ut av bygda for å få arbeid. Ein utflytta arbeidsplass kan fort resultere i ein familie mindre som vil bu i Gjerstad.
Saksutgreiinga har ikkje tatt med kor mykje skatteinntekter som Gjerstad kommune kan tape ved å bli med i AKST.
Kommunedirektøren skriv at i Gjerstad kommune gjerast det «en svært god jobb i alle fagområder som omfattes av saken» og tal i saka viser at denne drifta er mykje rimelegare i Gjerstad enn i andre tilsvarande kommunar.
Lønnskostnadene for dei tre fagområda er i dag for Gjerstad kommune 2,2–2,4 millionar kroner. Kommunedirektøren meiner at det er behov for å auke ressursinnsatsen på fagområdet lønn med 0,7 millionar kroner, slik at utgiftene blir 2,9–3,1 millionar.
Prognoser viser at Gjerstad kommunes kostnad ved deltaking i AKST vil bli 2,6 millionar kroner. Dette er likevel svært usikre tal og forutsett blant anna at AKST skal finansierast som før, med 15 prosent av driftsutgiftene med lik utgiftsfordeling mellom deltakarkommunane og 85 prosent basert på innbyggartal.
Det er svært mangelfullt at kommunedirektøren i denne saka ikkje nemner at Arendal kommune, som har store økonomiske problem, nå har foreslått å endre denne finansieringsmodellen for sine kommunale samarbeidsavtaler.
Forslaget er at heile 25 ptosent av utgiftene skal delast på samarbeidskommunane og berre 75 prosent av driftsutgiftene skal baserast på innbyggartal. Kostnaden ved å delta i AKST vil då bli svært mykje høgare for ein liten kommune som Gjerstad.
Sjølv om Gjerstad skulle få tilbod om oppstart på eksisterande avtale, er det mindre enn to år til nye politikarar i Arendal og Grimstad på nytt kan velje ei anna kostnadsfordeling. Gjerstad blir då veldig prisgitt dei to store, særleg dersom kommunen ikkje lenger har folk som kan faget.
AKST består i dag av Arendal og Grimstad kommunar. Dersom Gjerstad også skulle blitt med, ville kommunen berre utgjere 3,3 prosent av innbyggartalet bak AKST og derfor få svært liten innflytelse.
Fleire av Gjerstads nabokommunar opplever i dag same sårbarheit på desse aktuelle fagområda, har ønska eit tettare samarbeid for å styrke det faglege fellesskapet og for å kunne bli mindre sårbare ved sjukdom og bemanningskriser.
I vår digitale grenseoverskridande verden trenger dette heller ikkje medføre ekstra kostnad med nye bygg for samlokalisering. Men det er heilt nødvendig at dei tilsette blir godt skjerma for å kunne arbeide med sitt fag og at alle blir godt integrert i same rutinar og system.
Målet kan være ein avdeling med felles ansvar for fagleg oppfølging og drifta av arkiv, rekneskap og lønn i for eksempel tre eller fire nabokommunar.
Det er svært viktig for ein kommune å behalde arbeidsplassar, lokal fagkunnskap og å sikre eller auke sitt folketal.
Det står i saka at administrasjonen nå har vald bort lokalt samarbeid. Nå er mitt håp at politikarane likevel forlanger at det blir tatt ny kontakt med våre nabokommunar for å kunne behalde lokal fagkunnskap og arbeidsplassar.