Herold

 – Det er eit godt grep å ha ein nestleiar som er aktiv i lokalmiljøet

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2025-12-14 15:21:00
 – Det er eit godt grep å ha ein nestleiar som er aktiv i lokalmiljøet

Styret i Kraftmuseet har vald styreleiar og styrenestleiar for dei neste to åra.

– Kraftmuseet får ein fagkompetent styreleiar i Trude, seier direktør Liv Eirill Evensen ved Kraftmuseet.

I styremøtet 10. desember vart Trude Hoflandsdal Letnes vald til styreleiar for dei neste to åra. Letnes tek over etter Toralv Mikkelsen, som held fram som aktiv styremedlem.

– Ho sit som kommunalsjef for kultur og fritid i Voss herad, og har stor erfaring frå museumsarbeid og frå breidda i norsk kulturliv. Nestleiar vart Ingunn Olsen Mossefin, kommenterer Evensen.

Mossefin representerer Kraftmuseets venner i styret.

– Det er eit godt grep å ha ein nestleiar som er aktiv i lokalmiljøet i Tyssedal og Odda, seier Evensen.

Ble «rikskjendis» etter oppslag i HF om pisselukt i hagen