Statsbudsjettet 2026 – raudare og grønare!
Plus
Fredag 5. desember vedtok fleirtalet i det nye Stortinget (Ap, Sp, SV, Raudt og MDG) eit statsbudsjett for neste år som omprioriterte 13,8 milliardar på Ap-regjeringa sitt opphavelege budsjett. Dette skjedde etter krevjande forhandlingar mellom dei fem partia som vann stortingsvalet i september. Resultatet er eit budsjett som i langt større grad styrkar kommunane, distrikta og innsatsen for klima og natur.
For innbyggjarane i Kvinnherad vil dette merkast direkte. Statsbudsjettet for neste år vil mellom anna styrke kommuneøkonomien med 7,3 millionar i frie midlar. Dette vil gje eit betre handlingsrom for å sikra tenester og velferd lokalt. I tillegg følgjer auka toppbemanning i barnehagar, styrka Frivilligsentralar og betre kollektivtilbod i fylka. Barnetrygda blir halden utanfor berekningsgrunnlaget for sosialhjelp. Husbanken får ei auka låneramme på 2 milliardar og sjukehusa får 500 millionar til aktivitetsvekst, samt 200 nye VTA-plassar (Varig Tilrettelagt Arbeid). Det blir satt i gong ein prosess for å avvikla bruk av spinndyre vikarbyrå og erstatta desse med eigne, fast tilsette innan helse og omsorg. Statsbudsjettet varslar òg start på ei reell tannhelsereform der tannhelsetenester kan likestillast med andre helsetenester frå 2027.
Vidare vert det forsterka innsats for å kjempa mot arbeidskriminalitet auka gjennom Arbeidstilsynet og Fair Play Bygg – og dermed auka skatteinntekter til kommunane. Ordninga med gratis ferjer og nedbetaling av studielån (gjeldssletteordinga) i 187 distriktskommunar held fram. Vidare er det gitt auke i tilskot til natur-restaurering, skogvern og berekraftig skogbruk, og auka tilskot til reduksjon av klimagassutslepp. Fleire kulturinstitusjonar i Hordaland og Vestland er òg prioriterte i statsbudsjettet for neste år.
For Raudt er det første gong vi er med og forhandlar om eit statsbudsjett i Stortinget. Trass høge politiske ambisjonar, seier det seg sjølv at med 5,3% av røystene på landsplan og 9 av 169 stortingsrepresentantar etter valet, kunne ikkje Raudt fått gjennomslag for heile valprogrammet vårt frå A til Å i desse forhandlingane. Difor la Raudt fram sitt alternative statsbudsjett i november som løfta fram dei viktigaste prioriteringane våre, særleg behovet for å styrka kommuneøkonomien med 15 milliardar, og drastiske reduksjonar i dei økonomiske og geografiske skilnadane i landet. Dette alternative statsbudsjettet, som òg inneheldt ei tydelegare satsing for natur, miljø og internasjonal solidaritet, danna grunnlaget for forhandlingane, leia av vår nye finanspolitiske person, Mimir Kristjansson.
Mimir Kristjansson og vår partileiar Marie Sneve Martinussen, oppsummerte dette budsjettforliket i Stortinget som ein historisk siger, og eit første steg i ei raudare, grønare og meir distriktsvennleg retning resten av denne stortingsperioden. Skal vi lukkast vidare, trengs ein forsterka vilje til samarbeid mellom alle dei raud-grøne partia både nasjonalt, regionalt og lokalt, og samarbeid med fagrørsla og alle andre gode krefter utanfor Stortinget som vil byggja eit tryggare, meir rettferdig og berekraftig samfunn.