Arne er ein hedersmann av dei sjeldne
Plus
Arne Reigstad fyller 75 Är 16. desember 2025. Arne er ein hedersmann av dei sjeldne, bÄde som menneske og innan idretten. Heile livet har idretten vore i hÞgsetet.
Uttaler om Arne Reigstad
Arne debuterte som idrettsutÞvar i FIL AKS-77 for 47 Är sidan. I tillegg til Ä vere utÞvar, tok det ikkje lang tid fÞr han fekk tillitsverv og blei hjelpetrenar for born og unge i klubben. Neste steg var medlem i styret i FIL AKS-77, samstundes fekk han stÞrre og stÞrre trenaroppgÄver.
Etter nokre Ă„r vart han ogsĂ„ valt inn i styret i Veteranutvalet (no Masters utvalet) i Hordaland Friidrettskrets. Her har han vore styremedlem i 37 Ă„r frĂ„ 1998. Han har ogsĂ„ vore medlem i Anleggsutvalet i Hordaland Friidrettskrets i 13 Ă„r (2004 tom 2016). I denne tida var han ogsĂ„ aktiv som friidrettsutĂžvar pĂ„ hĂžgt plan for veteranar. Nemner at han har fleire gonger vore norsk meister og nordisk meister, 20 seirar i norske veteranmeisterskap og 2 seirar i Nordisk meisterskap â i lengde og tresteg.
Arne sprang i mange Är pÄ stafettlaget til FIL AKS-77. Kan nemnast at han var med pÄ vinnarlaget i superveteranklassen 5-Är pÄ rad i Holmenkoll-stafetten. Han har 32 startar pÄ Holmenkollstafetten for FIL AKS-77.
I langrenn hadde han mange harde tak i skilĂžypa i LindĂ„smeisterskapet i Romaheim â og han var ofte pĂ„ seierspallen.
Arne har ikkje vore vanskeleg Ä be nÄr det gjeld dugnad. Han stillar opp og gjer alltid ein god jobb.
Mange spÞr han korleis klarar du Ä fÄ tid til alt og vere so engasjert. DÄ smilar han og seier: «Hugs at eg er frÄ Gjervik»
*Alf Fjeldstad, klubbkamerat i mange Är: *
«Arne har ein fantastisk historie i FIL AKS-77. Han framhevar aldri seg sjÞlv. Som trenar, og dÄ spesielt i kastÞvingar, har det alltid vore det viktigaste for han Ä lÊra opp born og ungdom til Ä bli gode utÞvarar. Han er vide kjent for den positive mÄten han fÄr born og ungdom til Ä trivast med treninga. Han stod ofte att med ein til to utÞvarar lenge etter dei andre var gÄtt, for Ä terpa inn teknikken »
Jan Ă ge Johannessen, tidlegare leiar i FIL AKS-77:
«Arne er ein stor personlegheit. Han ser ikkje pÄ klokka nÄr han er trenar. For han er det viktigaste Ä fÄ lÊrt utÞvarane best mogleg teknikk. Han utfÞrar alltid oppgÄvene han har teke pÄ seg pÄ beste mÄte. Han er ein dugnadsmann av dimensjonar. Han har mykje av Êra for at FIL AKS-77 har hatt sÄ mange kastarar pÄ hÞgt nivÄ. AKS-77 er den beste kast-klubben i landet. «
Magnar LÞvik, klubbkamerat med Arne frÄ slutten av 1970-talet:
«Arne er av heil ved, han har stor respekt i idrettsmiljÞet bÄde pÄ klubb- og kretsnivÄ. Alle som er/har vore i AKS-77 har mykje Ä takka han Arne for. Han er kjent for Ä vere villig til Ä ta eit tak nÄr det trengs hjelp. Me har mykje Ä takka han Arne for nÄr det dugnads- og trenararbeid.»
Marit Aase, har vore funksjonÊr og dommar pÄ utallige stevner som FIL AKS-77 har arrangert. FÞrste oppdraget fekk Marit det Äret AKS-77 vart stifta i 1977. «Arne er god som gull for friidretten og for alle som har fÄtt gleda av Ä bli kjent med han. Han stiller opp for andre, held ord og har klare verdier».
Kjell Fossen, tidl. Leiar i Veteranutvalet i Hordaland Friidrettskrets i mange Är: han seier:
«Arne er en av bÊrebjelkane i AKS-77. Han har lang og sammenhengende fartstid innenfor idretten, fra barneidrett til de hÞyeste aldersklasser. Arne har vÊrt veteranidrettsmann i 41 sesonger. Han gjÞr viktig trenararbeid, sÊrlig for de yngste aldersgruppene. Han gjÞr ogsÄ viktig innsats innen administrasjon, bÄde i lag og i krets. Arne er ogsÄ en sentral person i lokale og nasjonale arrangement. Arne er en som alltid har stilt opp og som man har kunnet regne med.»
*Fra familien: Borna til Arne â 3 i talet; Endre, Sissel og Christine: *
Dei var i oppveksten aktive i friidrett. Dei var med pĂ„ treningane. DĂ„ treninga var slutt, sa ein av ungane ofte:»No vil me heim pappa». Som regel svarte far Arne â «kjem om ei lita stund». Men stunda vart som regel ei lang stund. Arne mĂ„tte som regel ordna opp i noko.
*Kona til Arne, Gerd Lillian: *
Det er ikkje Ä komma frÄ at Arne har vore mykje oppteken utanfor heimen, slik at dei heime mÄtte ha stor tÄlmod.
Eit gamalt ordtak seier: «heidrast den som heidrast skal». Gerd Lillian mÄ og heidrast . NÄr ein er sÄ engasjert utanfor heimen som Arne har vore, seier det seg sjÞlv at ein kan bli freista til Ä setje foten ned og sei: »No mÄ du trappa ned». Men nedtrappinga vart aldri noko av. Alle som kjenner Gerd Lillian veit at ho er eit einestÄande menneske. Ho har sett og ser verdien av at folk er samfunnsengasjerte.
Me i FIL AKS-77 vil og takka deg for ditt tÄlmod og din velvilje.
*PĂ„ vegne av meg sjĂžlv: *«Du Arne â du har ein veremĂ„te og menneskeleg moral som ein sjeldan finn i dagens samfunn».
TAKK Arne! Eg beundrar deg!