Herold

Veteranar raskast i førjulskarusellen

Plus
Kilde: NH Author: Stanley Hauge Published: 2025-12-14 12:56:01
Veteranar raskast i førjulskarusellen

Veteranane Jo-Harald Færø og Grethe Jørgensen var raskast i førjulskarusellen på Eikanger laurdag 13. desember.

Jo-Harald Færø var med tida 7.00 suverent først i mål.

Andremann var Aleksander Vågsholm som med 7.47 betra bestetida si med to sekund. Tredje raskast av alle var Grethe Jørgensen på 8.14.

Grethe Jørgensen var raskaste kvinne for 45. gong og ho og Bertine-Helene Færø står dermed likt i talet på sigrar i kvinneklassen. For Jo-Harald Færø var det 29. gong han var først i mål på Eikanger.

Forholda laurdag var gode med berr veg, vindstille og sju-åtte grader i lufta. Av dei 21 som sprang på tid var det fleire som sette sesongbeste. Flest deltakarar var i klassen utan tidtaking med 47 påmelde.

Nokre deltakarar med nisseluer og nissedrakt sette ekstra stemning på førjulsløpet. På luciadagen var det også eit par luciar som hadde teke turen.

Neste løp på Eikanger vart etter nyttår, nærare bestemt laurdag 10. januar. Så ikkje gløym å trimma litt innimellom feiringa som står for døra.

Vinterkarusell 2025 – 26, 3. løp.Eikanger 13. desember 2025 Arr.: Eikanger IL Opphald, vindstille, berr veg, +7-8° C.

I alt 68 deltakarar.

Neste løp: Laurdag 10. januar 2026.

«Brua rundt», ca. 2 150 m:

Utan tid: