Herold

Barnehage-thriller i budsjettmøtet – nå er saka avgjort

Plus
Kilde: KV Author: Else Børte Published: 2025-12-14 09:00:00
Barnehage-thriller i budsjettmøtet – nå er saka avgjort

Mange har behov for fleire på jobb i barnehagen i Drangedal. I går diskuterte kommunestyret kva dei skulle gjera med problemstillinga.

Må hente barna sine

Vil bruke 2,5 millionar på barnehage

Finn ikkje rom

Den viktigaste budsjettposten for Frp var å bemanne opp barnehagen. Henny Nesland la på torsdagens budsjettmøte engasjert vekt på at situasjonen på ingen måte har blitt betre sidan kommunestyremøtet 16. oktober.

– Då foreslo Frp å bemanne opp utan å få fleirtal. Foreldra opplever stadig å få telefonar og meldingar, som byrjar: «Hei! Me må diverre stenge barnehagen klokka 12.00 i dag.» Denne meldinga kom inn 08.57 til ein av foreldra, seier Nesland frå talarstolen.

Ifølge Nesland skal meldinga ha fortsett slik her: «På grunn av for låg bemanning og grunna sjukdom. Det betyr at barna dykkar må bli henta før klokka 12.00 i dag, og me beklagar verkeleg dette og sett stor pris forståinga dykkar. Tusen takk. Venleg helsing barnehagen.«.

– Kva gjer slike uventa meldingar med foreldra? Jo, ingen føreseielegheit. Barna, dei blir usikre. Barnehagens tilsette blir fortvila og næringslivet blør. Me er i ei krise.

– Det er vårt ansvar å rydde opp i slike situasjonar. Me er folkevalde og skal hjelpe folket, og det gjer me på alle punkt ved å bemanne opp.

Nesland kyt av dei mange og flinke foreldra som har engasjert seg i denne saka.

– Og det treng me. For me politikarar kan ikkje alt, innrømmer ho.

Nesland viser til eit døme der ein pappa hadde kontakta ho. Han kunne fortelje ho at kommunen er pliktig til å betale tilskot dersom foreldra nyttar seg av privat barnehage i nabokommunane.

– Det er då det er gøy å drive politikk. Når me saman med innbyggarane kan få det til, fortsett Nesland og oppfordra medpolitikarane til å vera med på å bemanne opp.

Dag Arild Brødsjømoen (Frp) la fram forslag om å bemanne opp barnehagane etter behov, og at det blir sett av 2,5 millionar til dette. Utgiftene vil Frp at skal blir dekt av disposisjonsfond. Dette forslaget støtta Ap opp om. Frå ordførarar Stina Anlaug Sætre møtte Frp og Ap motbør.

– Eg skulle svært gjerne vera med på forslaget om å bemanne opp i barnehagen, men det klarar eg ikkje å gjera. Eg meiner me framleis ikkje har råd. Fondet vårt blir snart tomt om me held på å bruke meir pengar enn me har heile tida, seier Sætre.

Oppbemanninga i barnehagen vil også føre til at dei som ikkje har lovfesta rett til plass til barna sine før august kan få sårt ønska barnehageplass.

– Eg finn ikkje rom i budsjettet til å forsvare det. Eg trur heller ikkje det å opprette ei ekstra avdeling i barnehagen vil løyse vikarbruken. Det er to ulike ting, og eg trur ikkje det eine vil løyse det andre, seier Eivind Vrålstad (MDG).

Dag Arild Brødsjømoen (Frp) svarte opp dette med å forklare at å bruke 2,5 millionar på bemanning må til å for følgje visjonane kommunen har for å følgje opp barnefamiliar, men utan å bestemme korleis barnehagane løyser det reint praktisk.

Knut Helge Bråthen (Sp), Arnt Roar Kåsa (Frp), Dag Arild Brødsjømoen (Frp), Jonas Moen (Ap), Hilde Heimholt Furunes (Ap), Bernt Andre Andresen (Ap), Magnus Straume (Ap), Henny Nesland (Frp) og Elin Reiersdal (Ap) røysta for å bemanne opp barnehagen i Drangedal. Men det hjelpte så lite då fleirtalet røysta knipent i mot med ei stemme i overvekt.