Herold

Varslar Lunde-prat etter VM: – Skal gi ho juleferie først

Kilde: NRK Author: Frode Søreide Published: 2025-12-14 07:18:20
Varslar Lunde-prat etter VM: – Skal gi ho juleferie først

I dag spelar verdas beste målvakt Katrine Lunde sin hittil 388 og siste landskamp for Noreg. No opnar fleire for å overtale ho om å halde fram etter eit historisk meisterskap.

Fakta om Katrine Lunde:

Les også

Lunde avslører «hemmelege» våpen: – Ekstremt utbreitt

Kryptiske meldingar

Trur landslagsleiinga vil ta ein prat

Stolt over prestasjonen

– På ein måte familien min

– Eg skal gi ho juleferie først. Det kan eg love, seier landslagssjef Ole Gustav Gjekstad og smiler lurt til NRK.

Noreg har akkurat rundspelt og meir eller mindre feia Brasil av parketten i Dortmund i finalekampen i hovudrunden. I mål står 45 år gamle Katrine Lunde.

Ho reddar 14 av 21 skot frå dei brasilianske kvinnene. Og det med under 39 minutt speletid.

Redningsprosenten blir på ufattelege 67 prosent.

– 67? Det er jo heilt vilt. Det trur eg ikkje har skjedd før. Det talar for seg sjølv, kjem det spontant frå Vilde Ingstad.

HISTORISK: Katrine Lunde stod som ein bauta mot Brasil og fekk ein redningsprosent på 67 prosent.

Sørlendingen som før dette VM varsla at dette blir hennar 25 og siste meisterskap blir kåra til hovudrundens beste spelar. Ho blir kåra til banas beste spelar i tre av dei tre første kampane ho står.

Lunde er i ferd med å gjere eit av sine beste meisterskap. Og det berre eit og eit halv år etter at ho blei kåra til OL’s mest verdifulle handballspelar.

– Det er veldig synd for norsk handball og internasjonal handball at ho skal slutte etter dette meisterskapet, men vi kan jo alltid prøve å overtale ho, svarar Veronica Kristiansen.


Den svensken målvaktlegenda Mats Olsson kom inn på landslaget som trenar for målvaktene tre år etter at Lunde debuterte for Noreg.

Med det er han ein av dei som har vore tettast på 45-åringen.

OVERTALE: Målvakttrenar Mats Olsson (t.h) og landslagstrenar Ole Gustav Gjekstad hintar om at dei vil ta ein prat om framtida med Lunde etter VM.

Han er litt kryptisk når vi spør om han kjem til å forsøket å overtale Lunde til å halde fram karrieren på landslaget.

– Jobben er der og vi er på god veg. Det finst ulike kategoriar på målvakter, så finst det ein kategori som heiter Katrine Lunde. Eg blir like imponert kvar gong.

– Dykk kjem til å spør om ho tek eit meisterskap til?

– Vi får sjå. Det er som eg alltid har sagt, det er ho som må ta avgjersla. Vi får sjå kva ho seier etter meisterskapet.

Hovudpersonen sjølv er også litt unnvikande i svaret, då vi fortel kva den svensken målvakttrenaren har formidla.

– Eg håpar jo han vil snakke med meg og ikkje blokke meg heilt ut, svarar Lunde og ler høgt.

FØREBILETE: Henny Reistad (t.v), Nora Mørk og Veronica Kristiansen vil gjerne ha med seg Lunde med seg vidare på landslaget.

Veronica Kristiansen er ikkje i tvil etter det målvakta frå Kristiansand har prestert i dette meisterskapet.

– Ja! Både dei og kanskje vi spelarane også skal ta ein liten prat med ho. Ho er ein einar og ho har sett sine spor, så vi skulle gjerne hatt ho med mykje lenger.

NRK sin handballekspert, Kenneth Gabrielsen, er trygg på at landslagsleiinga kjem til å setje seg ned med Lunde etter meisterskapet.

– Det trur eg dei gjer. Eg trur dei har ein god dialog på det meste. Det er ein dialog som garantert er der.

Frå debuten på landslaget mot tidlegare Jugoslavia 26 september 2002 har Lunde ei fantastisk karriere å sjå tilbake på. 45-åringen kan søndag ta den 21 medaljen si i eit internasjonalt meisterskap.

Katrine Lunde blir kåra til årets kvinnelege utøvar på Idrettsgallaen i 2009.

Katrine Lunde og dagens assistenttrenar Tonje Larsen under OL i Beijing i 2008.

Katrine feirar OL-gull saman med tvillingsøster Kristine etter å ha slått Montenegro i finalen i London i 2012.

Thorir Hergeirsson har følgt Lunde på landslaget i alle år. I fjor takka han av som landslagssjef. No føl eleven etter.

Katrine Lunde og Camilla Herrem delte rom på landslaget i mange år. Her feirar dei OL-gull i Paris saman.

Vipers vann meisterligaen tre år på rad frå 2020 til 2023. I fjor gjekk klubben konkurs.

Under opningsseremonien under OL fekk Lunde bære det norske flagget på den norske flåten på Seinen.

Dei norske handballkvinnene feirar VM-gull i 2011. Den gong brukte man gjerne vanleg kamera for ta selfie.

EM-gullet i 2022 blir feira av Lunde og mangeårig målvakttrenar Mats Olsson

*Ho er utan sidestykke den mestvinnande handballspelaren Noreg har hatt. *

Ingen har fleire landskampar.

– Det er ekstremt. Og det er skikkeleg inspirerande å sjå henne. Ho er eit forbilde for oss, både som spelar og som person, skryt Kristiansen – Når handballhistoria skal skrivast; kor vil du plassere Lunde?

– Kor eg plasserer Lunde? Det er vel ho som er handballhistoria?

Nora Mørk har delt rom med Lunde under hennar siste meisterskap.

– Eg synst det er veldig trist. Eg håpar at det norske folk og handballverda berre nyt å sjå den dama i aksjon ein siste gong med flagget på brystet. Det er ein gigant, eit førebilete og ein bauta som no gir seg, seier Mørk til NRK.

Før ho legg til;

– Eg synst ho kunne halde på heilt til eg gir meg, men eg veit det er mykje å be om.

NRK får møte Katrine Lunde til ein prat dagane før VM-finalen Ho set pris på at mange ønskjer å ha ho med vidare.

– Det er jo fint det, altså. Men sånn sett er eg veldig glad for at det er vanvitig mange gode som er på veg. Eg trur ikkje det er nokon fare for den posisjonen der, svarar ho sympatisk.

BAUTA: Lagvenninnene skildrar Lunde som ein bauta på det norske landslaget.

Ho er likevel glad for at ho framleis kan levere i verdsklasse.

Etter at moderklubben Vipers gjekk konkurs blei det ein ny kvardag for 45-åringen.

Medan mange trudde ho den gongen kanskje ville gi seg – valte ho igjen å forlate familien i Kristiansand og setje kursen mot danske Odense.

Det siste halvåret har ho pendla til Beograd og spelt for dei raude stjernene.

I sitt siste VM har ho eit nivå som skremmer livet av motstandarane.

– Eg synest det er veldig herleg, og eg er stolt over at ein presterer bra. Eg synest det er moro å vere her. Og eg veit at eg er heldig som får til å spele saman med så mange gode spelarar. Det er det som også triggar litt til at ein har lyst til å prøve å gi litt ekstra.

Då Lunde debuterte på landslaget for 28 år sidan var internett framleis i sin gryande start og smarttelefonen eksisterte ikkje. Debutantmotstandar Jugoslavia var framleis eit eige land og euroen blei innført i EU.

For den norske målvakta er det først og fremst samhaldet i laget som er det viktigaste minnet.

SLUTT: Etter 28 år på landslaget varsla Katrine Lunde at karrieren på landslaget er over.

– Eg synest jo første OL i Beijing i 2008 var fantastisk. Det var eit godt år for meg òg. Og så synest eg jo det siste OL var veldig spesielt. Men eg synest det er godt å kunne oppleve gode prestasjonar også heilt til slutt.

Sjølv er ho trygg på at VM-finalen søndag er siste kamp og at det ikkje blir fleire meisterskap med landslaget. Men at ho i dag ikkje heilt veit korleis det vil påverke henne.

– Det er tøft å ta bort ein så stor del av meg sjølv og mitt hjarte. Det er på ein måte familien min.

Når Lunde spelar sin til no siste VM-finale for Noreg er mamma Solfrid og dottera Atina på tribunen.

Ho veit det kjem til å bli sterke kjensler i sving.

– Eg trur eg kjem til å kjenne det først på nasjonalsongen. Den betyr mykje for meg å synge den og gå gjennom gode minner med folk som har hjelpt meg gjennom heile karrieren.

FAMILIE: 45-åringen seier landslaget har ein stor plass i hjarte.

  • Er 45 år og frå Kristiansand. Sambuar med den serbiske fotballprofilen Nikola Trajković. Saman har dei dottera Atina Lunde Trajkovic.
  • Tvillingsøster til tidlegare landslagsspelar Kristine Lunde-Borgersen.
  • Har spelt 387 landskampar for Noreg før VM-finalen søndag og den mestvinnande handballspelaren i Noreg og den med flest landskampar.
  • Har kontrakt med den serbiske klubben, ŽRK Crvena Zvezda (Raude stjerne) i Beograd ut året.
  • Tidlegare spelt for Hånes IF, Kristiansand IF, Vipers Kristiansand, Aalborg DH, Viborg, Györ, russiske Rostov-Don og Odense.

📊 Metadata

Category: Håndballandslaget, kvinner, Håndball
OpenGraph Title: Hintar om Katrine Lundes landslagsframtid for Noreg
Twitter Title: Hintar om Katrine Lundes landslagsframtid for Noreg