Herold

– Det er for seint å snyte seg når nasen er vekke

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Dag Nesbø Frøyen Published: 2025-12-14 07:00:00
– Det er for seint å snyte seg når nasen er vekke

Ordførar i Kinn, Bengt Solheim-Olsen vedgår at kommunen burde gjort meir for å ta vare på Hellesenbua. No meiner han det er gått for lang tid. – No er det på høg tid at noko skjer, seier han.

Tek sjølvkritikk

Kan ikkje koste vedlikehaldet

Ordføraren vil rive og bygge nytt

Vestland fylkeskommune meiner Hellesenbua i Florø er ein så viktig del av Florø bys historie at dei rår frå riving.

Både kulturmiljøet ved Torget, der bua står, og sjølve bygningen er i rapporten «Arkitektur og bygningshistorisk kartlegging» kategorisert som «eit autentisk og heilskapleg sjøhusmiljø med høg verneverdi.»

Hellesenbua er ei av svært få sjøbuer i Florø som ikkje er vesentleg ombygd. Ho har framleis direkte tilgang til sjøen, utan at det er bygd kai framfor.

Fylkeskommunen meiner difor bua har høg grad av autentisitet. Den kan opplevast i sin historiske kontekst der den ligg med direkte tilknyting til sjøen.

Ordføraren fortel at han kan slutte seg til alt Vestland fylkeskommune seier om byen sin regionale og nasjonale kulturminneverdi. Han er også samd i at Hellesenbua, saman med Haffen i vest og Stensethbua i aust, utgjer ein viktig del av Florø by sitt historiske sentrumsmiljø.

På vegner av kommunen tek Solheim-Olsen sjølvkritikk for at miljøet ikkje har vore teke godt nok vare på. Han meiner det er trist at forfallet har kome så langt.

– Vi kunne gjort meir for å unngå at bua forfall slik ho har, det må vi berre vedgå. Men no har det gått for lang tid. Det let seg ikkje gjere å pusse opp den store sjøbua slik ho framstår i dag, poengterer Solheim-Olsen.

Han rettar likevel ikkje kritikken mot huseigar. Huseigaren har nemleg kome med fleire gode forslag om å revitalisere bua, men desse har ikkje fått støtte opp gjennom åra. Grunnen til at prosjekta har stoppa opp, er nettopp den kulturhistoriske verdien i bygget. At kommunen ikkje har utfordra vernekravet, er det ordføraren tek sjølvkritikk på. Men dette ønskjer han å endre på no.

Det let seg ikkje gjere å verne sjøhusa i sentrum om huseigarane sjølve skal koste vedlikehaldet.

– Eit vern kunne fungert om det hadde følgt med pengar. Men Vestland fylkeskommune og andre instansar kjem ikkje med ei einaste krone, sjølv om dei no kjem med pålegg vi må følge. Og vi i Kinn kommune har ikkje økonomi til å kunne bidra inn i eit slikt prosjekt, slår han fast.

Solheim-Olsen meiner det er fullt mogeleg å rive bua og setje opp eit nytt bygg i same stil som i 1890. Han ser også føre seg eit bygg i bakkant som kan styrke området.

– Vi ser kor fint det er blitt langs sjøen mot Amfi, så ei oppjustering ville heilt klart styrka sentrum, seier han.

I januar skal saka opp i Kinn kommunestyre. Skulle politikarane i Kinn finne det for godt å rive bua, vil det kome ei motsegn ifrå Vestland fylkeskommune. Då blir det opp til Statsforvaltaren å treffe endeleg avgjerd i saka.