Sterk kost?
Plus
Når ein ser på kva som vart omtala som «sterk kost», vert «frykta» enno meir forunderleg.
Kjære ordførar.
Eg vart forundra då du sa: «Raudt er som vanleg sterk kost… Eg har eigentleg lyst til å vere einig med Kollbotn, men tør ikkje finansiere på den måten.» (HF, 28.11.25).
Det er eit ærleg utsegn, men òg difor alvorleg. For kva betyr det?
Utsegnet gjev inntrykk av at løysingane finst, men at fleirtalet ikkje vågar å ta dei i bruk. I staden held dei fast ved ei styringslinje som ikkje møter dei utfordringane Ullensvang står i.
Når ein ser på kva som vart omtala som «sterk kost», vert «frykta» enno meir forunderleg. Kollbotn foreslo 10 millionar årleg til Prosjekt «Flytt til Ullensvang». Ei offensiv, konkret satsing for auka tilflytting og rekruttering, noko av det som kommunen slit mest med. Han foreslo òg 100 millionar over fire år til variert bustadbygging i heile kommunen, samt 8 millionar til grunnbemanning i barnehagar og skular, som ville redusert vikarbruk og gjort det lettare for folk å stå i arbeid. Vidare foreslo han legitimt at staten må bidra til Beredskapshuset, eit prosjekt til fleire hundre millionar, når staten sjølv stiller krav.
Så kva reknar fleirtalet som ansvarleg? Tydelegvis er det uproblematisk å kutte 750 000 kroner, stigande kvart år, i Kultur, næring og samfunn, utan konsekvensutgreiing. Det kanskje mest kritikkverdige er at fleirtalet framleis basera drifta på massiv bruk av vikarbyrå, til mange titals millionar. Ordføraren sa sjølv: «Hadde eg greidd meg utan vikarbyrå, hadde ingen vore meir glad enn meg.». Likevel kjem det ikkje eitt einaste tiltak frå fleirtalet for å redusere vikarbruk, ingen satsing på grunnbemanning eller rekrutteringsplan. Problemet anerkjennast, men forslaga frå opposisjonen vert likevel omtala som useriøse, sjølv når dei kjem frå ein av dei mest erfarne folkevalde i kommunen.
I same mønster inneheldt klimabudsjettet berre eitt tiltak: elektrifisering av kommunal bilpark til 15 millionar, med marginal klimaeffekt per krone. Alternative tiltak som kunne gitt større effekt og synergiar med bustadpolitikk, rekruttering og lokal verdiskaping vart ikkje vurdert.
Paradokset toppar seg når fleirtalet vedtek at investeringskostnadane «ikkje er berekraftige», men likevel insistera på å ikkje kutte fleire prosjekt, justere rammevilkår, eller gjere reelle prioriteringar. Rådmannen vert berre beden om å «prøve å finne» innsparing. Samtidig finn fleirtalet det forsvarleg å setje av midlar i hundremillionarsklassa i investeringsobjekt der verken tomtespørsmål, byggjekrav eller økonomisk bereevne er avklara. Det vert ikkje sett som radikalt.
Her syner fleirtalet eit påfallande selektivt mot: effektivisering i blinde er greitt, men å investere i drift, tilflytting og bemanning? Der går grensa.
Så kven er desse forslaga eigentleg «sterk kost» for? Familiar som ser skular og barnehagar truga av nedlegging? Lokalsamfunnet som ser ungdommen flytte ut, men ikkje heim att? Tilsette som spring mellom vakter, går i deltidsstillingar og stadig må læra opp skiftande vikarar som i tillegg har betre løn, gratis reise og bustad? Eller er dei først og fremst «sterk kost» for dei som ynskjer å halde fram dagens styringspraksis, sjølv når det er akkurat den praksisen som er del av problemet?
Det som er sterk kost for meg, er korleis dette mønsteret er systematisert langt utover eitt budsjettmøte. I både Gryteskar og Tryglavik har fleirtalet gått ut av vegen sin for å tilretteleggje for inngrep før kunnskapsgrunnlaget om natur, klima og landskap var ferdigstilt, trass i merknadar frå faginstansar og høgare styresmakter. Dette er berre to døme. Forvaltningsrevisjonen av byggjesak åtvarar òg om manglar i dokumentkontroll, habilitetsvurderingar og rutineverk som samla sett skapar risiko for feil og mislegheiter (Deloitte, 2025). Likevel ynskjer fleirtalet å «forenkle» prosessane ytterlegare.
Desse sakene er ikkje enkeltståande, og syner samla eit styringsmønster som undergrev føreseielege og forsvarlege prosessar. Faggrunnlag og nasjonale føringar vert lausrive frå politiske prioriteringar der omsyn til private og kommersielle aktørar i fleire saker har blitt prioriterte framføre faglege råd og langsiktige fellesskapsmål. Dette står i direkte motstrid til fleire av måla kommunen sjølv har fastsett, både innan berekraft, kvalitet i tenestene og langsiktig økonomistyring.
I staden for å prøve å snu utviklinga, vel fleirtalet i praksis å akselerere avviklinga, medan dei håpar på flaks i form av auke i kraftinntekter. Dette er ikkje ansvarlegheit. Det er å sitje stille i ein synkande båt og håpe at vassinntaket stoppar av seg sjølv. Ullensvang treng ikkje fleire spektakulæritetar eller prestisjeprosjekt, men ei styring som byggjer tillit, tek kunnskap på alvor, prioritera velferdstenestene og gir innbyggjarane reelle resultat for skattepengane sine.
Å styrkje drift, bemanning og lokalsamfunnsutvikling burde ikkje vere «sterk kost». Det burde vere sjølve fundamentet.
Ullensvang-budsjettet 2026: Ingen eiendomsskatt, effektivisering og satsing på ny barnehage