Ny drift av Flåmsbana
Plus
Frå desember 2027 vil det vera kommersiell drift på banestrekket i Flåm.
Vil sikra tilbodet
SOGN AVIS: Det opplyser Jernbanedirektoratet i ei pressemelding torsdag.
Direktoratet har vedteke å ikkje gjennomføra kjøp av drift på Flåmsbana når dagens avtale med Vy går ut i desember 2027.
Vy driftar i dag strekket i samarbeid med lokale aktørar, og er delvis eigd av kommunen og den lokale sparebanken.
– Flåmsbana er svært lønsam og har eit stort potensial for ytterlegare trafikkvekst også i lågsesong. Me har gjennomført ein marknadsdialog mot togselskapa, og den viser at det er kommersiell interesse for heilårsdrift av bana, seier avdelingsdirektør Erik Lund i Jernbanedirektoratet, i pressemeldinga.
Flåmsbana AS hadde 314 millionar kroner i salsinntekter i 2024, og eit overskot på 118 millionar kroner, med 956 000 registrerte reiser same året.
Jernbanedirektoratet må i større grad enn tidlegare vurdera marknaden sin vilje og evne til å drifta kommersiell persontransport, i tråd med regelverket som følgjer av EØS-avtalen.
Likevel tryggjar direktoratet at dei reisande skal ha eit godt tilbod heile året.
– Dersom det skulle visa seg at kommersiell trafikk ikkje vert oppretthalde i stort nok omfang, kan Jernbanedirektoratet setja i gang tiltak for å sikra tilbodet, heiter det i pressemeldinga.
– Me vil følgja med på utviklinga og gripa inn dersom det viser seg at kommersiell drift ikkje varetek samfunnet sitt behov, seier Lund.
Bane NOR avgjer i oktober 2027 kven som får køyra på bana frå desember av. Då må aktøren sjølv skaffa tog og søka om å få køyra på bana.