To år sidan oppstart: – Å sjå enkeltmenneske sin vekst er utruleg fint
Plus
Mental Helse ungdom i Kvinnherad (MHU) får juleblom for innsatsen med å skapa ein viktig møteplass for unge vaksne. No vil dei utvida tilbodet.
Vil nå ut til fleire
Ser vekst og framgang
Skapar nye relasjonar
Nominasjonen
For to år sidan var dei ein rykande fersk organisasjon som ikkje heilt visste kva dei kunne få til. Det dei visste, var at alle har ei psykisk helse, og at folk treng ein møtestad. Dei starta opp med fredagsklubben.
– Me var usikre i starten og lurte på om me ville få menn med oss òg. Terskelen for å vera med på sånt er gjerne lågare for kvinner, fortel Renate.
Det var det ingen grunn til.
– Berre sjå på denne gjengen i dag! Det er jo flest menn, og me har god balanse både i styret og folk som kjem. Det er veldig kjekt! smiler leiar Renate Olderkjær Kolaas.
Fredagsklubben har vore stabil sidan oppstart, og i sommar var dei på helgetur til Stavanger, heile 13 personar.
– Då fekk vi ordna det til slik at alle som var med fekk turen gratis, med reise, opphald og aktivitetar, fortel leiaren.
Dei leigde ein heil fløy ved ein folkehøgskule og kunne opphalda seg i fine fellesrom.
Geirmunn Rørvik hadde vore elev der, og dermed kunne han tipsa om ein triveleg stad å vera.
– Eit godt alternativ til å vera på hotell, seier han.
Gjengen var i Kongeparken, på shopping, åt på restaurant, og koste seg med spel og samver om kvelden.
Slike turar bidreg til både vennskap og sterkare nettverk.
– MHU har vore fleire turar på Stord og bowla òg, seier Renate, og legg til filmkveldar, spelekveldar og andre ting dei finn på.
På Verdsdagen for psykisk helse stod dei på stand på Husnes storsenter. Dei vil gjerne nå ut til fleire.
– Me har lyst til å nå ut til fleire. Fredagsklubben er jo avgrensa fordi den er for dei mellom 18 og 36 år. Me har veldig lyst til å utvida til dømes for dei litt yngre òg, men alt dette er i planleggingsfasen, fortel leiaren.
Då dei starta opp, var målgruppa unge vaksne dei med størst behov i Kvinnherad. Dei som er litt yngre har til dømes ungdomssenteret og nattkafeen.
Dei har erfart at det er vanskeleg å få seg eit nettverk når ein er vaksen, spesielt om ein ikkje trivest med alkohol, eller idrett.
*– Det er bra å ha ein plass der ein kan vera seg sjølv utan å anstrenga seg, seier Maria. *
Dei får gjerne spørsmål om ein må slita veldig psykisk for å vera med.
– På ingen måte. Alle har ei psykisk helse, om den er god, dårleg eller midt mellom. Det handlar om å skapa ein trygg møteplass der det er rom for å vera seg sjølv, og det er ikkje slik at me sit og snakkar om alt det kjipe i livet, forklarar Renate.
Poenget er å skapa ein arena som motverkar ein kvardag som er påverka av sjukdom.
– Me har det løye i lag, og har ein pause frå «livet», seier dei.
Det aller beste med Mental Helse ungdom i Kvinnherad, er resultata dei ser.
– Det må eg seia, etter to år som leiar, at det å sjå enkeltmennesket sin vekst, er utruleg fint. Det er store forskjellar frå første møte, seier Renate.
Folk har fått meistringskjensle, tru på seg sjølv, sosialt nettverk. Ho fortel at fredagsklubben er meir enn berre fredagsklubben.
– Det er skapt vennskap utanfor fredagsklubben òg, seier Renate, og fortel om ny start i livet med nye vener, til og med jobb for éin.
Det er dette som er drivkrafta og belønninga; at folk vil bryta ut av isolasjon.
– Korleis får de nye medlemar?
– Det er eit evig prosjekt, seier dei, og fortel at det til dømes er ved å vera synlege på sosiale medium. Det er tett kontakt med Aktiv fritid, dei er synlege på Valekrossen, vidaregåande, har kontakt med helsepersonell, deler ut brosjyre og anna.
Dei opplever at nokre har veldig lyst, men ikkje tør. Då kan ein få til eit lite møte på førehand der dei får snakka litt saman og sjå lokala.
– Erfaringa vår er at dei som seier at dei berre vil vera ein halvtime for å sjå kva dette er, dei blir heile kvelden, seier Renate.
– Og då er det viktig at me som gruppe tek imot dei nye. Det er vanskeleg å komma inn i ein etablert gruppe, men denne gruppa er veldig open for det, seier Maria.
– Dei fleste av oss har vore den nye personen som var engsteleg ein dag. Alle her veit korleis det er å vera den personen, seier Ådne Fjellhaugen Miljeteig.
Nestleiar Geirmund Høisæther har fredagsklubben heime hos seg fordi det er mykje julegåvearbeid i lokala dei til vanleg held til i på frivilligsentralen på Husnes.
Han kom med i laget via Aktiv fritid. Det var ikkje lenge før han vart hanka inn i styret.
– Kva har det betydd for deg å vera med her?
– Veldig mykje. Eg har fått bygd meg nettverk og har fått noko å gjera på i fritida, seier han.
Renate og Maria fortel at då dei starta opp Mental Helse Kvinnherad, hadde dei to kvarandre som vener. No har talet på nære vener vakse seg til ein heil gjeng som møtest, gjerne utanom fredagen òg.
– Kva tenkjer de om å få juleblom?
– Det er me svært glade og takksame for! Det er godt å få vita at arbeidet vårt er sett pris på og anerkjent!
I nominasjonen til Kvinnheringen sin juleblom heiter det:
«Mental Helse ungdom i Kvinnherad fortener juleblomen i år fordi dei har skapt ein møteplass for unge vaksne som bidreg positivt for den mentale helsa og ei kjensle av å høyra til. Dette er eit viktig tilbod og arbeid, som fortener meir merksemd. Det er utan tvil eit meiningsfylt og viktig tilbod.»
Brøddamo står på: – Om nokon vil hjelpa til, så er det berre å ta kontakt