Kommune på sjølvstyr?
Plus
Senterpartiet har lenge argumentert for «å ta heile Norge i bruk» og «auka sjølvstyre til norske kommunar». Partiet seier lite om kva det legg i argumentasjonen og konsekvensane, pro & kontra, av sine slagord.
Det er allment kjent at kommunane i Norge slit med dårleg økonomi, delvis på grunn av medviten underfinansiering av pålagde oppgåver frå staten. Ein klar konsekvens av dette er at kommunepolitikarar, rådmenn og kommunalsjefar leitar etter det minste «halmstrået» som kan betre situasjonen, under mottoet: «målet heilagar midlane». Resultatet av denne tenkinga er mellom anna at omsyn til uerstattelege naturverdiar må vike. Nordic Mining/Førdefjorden kan tene som døme. Bontrup og Frøysjøen/Dyrstad er eit anna.
Politikarar som ivrar for å tillate at Holmaneset vert rasert og bygd ut, med dei konsekvensane dette får – også for naboar som lever liva sine i nærområdet og for innbyggjarar i Svelgen – bør tenkje gjennom risikoen utbygginga medfører ein gong til. Fleire avisartiklar i lokalpressa om saka, mellom anna av Sissel Dyrstad og Frode Steinset, har gjeve uttrykk for moglegheita for ei storulukke med katastrofale resultat dersom tiltaket vert realisert. Kvar er folkehelseperspektivet oppi dette?
*Det verkar *som uroa og redsla for ei ulukke, som mange har gjeve uttrykk for i nærområdet, vog heilt tydeleg mindre for leiinga i kommunen enn den same uroa og redsla som gjorde at ein ikkje ville etablere ammoniakkfabrikken i Ålfoten – noko som var Fortescue sitt primærønske.
Bontrup har no, tilsynelatande, nytta Firdaposten som sitt «utvida reklamekontor», gjennom fleire artiklar der dei prøver å «grønvaske» verksemda si og gjennom dette påverke kommunepolitikarane i Bremanger til å bryte sine lovnader når firmaet ønskjer å gå laus på Aksla.
Erling Sande (Sp) gav i si tid klarsignal til å auke forureininga i sjøen, vårt felles «spiskammer», under dekke av «større sjølvstyre for norske kommunar». Noko som sjokkerte tenkjande menneske, og som førte til at innbyggjarforslaget mot tiltaket fekk samrøystes tilslutning i kommunestyret i Bremanger. På nyheitene kl. 7.30 morgonen etter møtet sa ordførar Ann Kristin Førde: «Vi får no sjå på dette ein gong til». Dette før blekket var tørt på vedtaket.
Fortescue har kansellert planane sine for minst to fabrikkar, både i Australia og i USA, på grunn av sviktande økonomi og sviktande marknadsutsikter. Kva er det som gjer at fabrikken på Holmaneset har betre føresetnader for å overleve?
Det er ikkje eit urimeleg krav til fleirtalet i Bremanger formannskap at dei kan dokumentere at dei økonomiske føresetnadene for fabrikkplanane på Holmaneset er betre enn for dei fabrikkane Fortescue sjølv har kansellert. Og det før kommunestyremøtet i desember.
Eit medlem av formannskapet meiner tiltaket er den einaste moglegheita for nye arbeidsplassar (Firdaposten). Optimisme? Dette utan å dokumentere grunnlaget for påstanden, anna enn den «gulrota» Fortescue har presentert i reklamen sin for kommunen. Etter mi vurdering vil «brakkehotell-gjennomtrekk» vere det mest sannsynlege. Håpet om tilflytting og nye fastbuande arbeidarar kan ein sjølvsagt drøyme om.
Grunnlaget for vår felles eksistens er fire av naturen sine grunnelement: vatn, jord, luft og eld (les sol). Vel å merke: i frisk og rein tilstand. Øydelegg vi desse elementa, svekkjer vi vårt felles livsgrunnlag.
*Eit døme: *På grunn av luftforureining kjem ikkje sola gjennom smoglaget i tusenvis av verdas byar. Også i Norge må restriksjonar på biltrafikk stadig oftare setjast i verk, særleg vinterstid, på grunn av stor helsefara. Luftforureining frå eit stort utslepp frå Holmaneset vil, så langt eg har forstått det, i verste fall bety akutt livsfare for mange menneske.
Lokalt: I 2015 låg utsleppa av helseskadelege komponentar frå Elkem – SO₂ og NOx med meir – opp mot sju gonger over grenseverdiane styresmaktene hadde sett. Er desse utsleppa mindre i dag?
Så overlet eg til lesarane, særleg kommunestyremedlemmene i Bremanger, å tenkje over om det er fornuftig å halde fram med å sjå vekk frå våre fire felles livselement i naturen.
*Håpet mitt *er at medlemmene tek avgjerdene sine og sitt medansvar uavhengig av fleirtalet i formannskapet. Alle menneske har eit personleg ansvar for handlingane sine, uansett kva stilling, tittel, uniform eller samfunnsfunksjon ein har til ei kvar tid.
Nyheitsbiletet er fullt av informasjon om konsekvensane av rovdrifta vår på naturen og den blinde jakta på profitt, verda rundt, kvar einaste dag. Det er ikkje kunnskap vi manglar, men evne, vilje og mot til å bruke kunnskapen rett.