Trafikkuhell – to bilar involvert
Plus
Laurdag ettermiddag melder politiet om ei trafikkulykke på E39 ved Øvre Eikanger i Alver kommune.
Uhellet var ei påkøyrsel bakfrå der to biler og tre personar er involvert.
Operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt opplyser i 15:30-tida at samanstøyten ikkje skal ha skjedd i høg fart. Alle involverte blei tilsett av ambulanse på staden, og ingen skal ha trengd å bli med til sjukehus.
Ein av bilane skal ikkje lenger vere køyrbar. Politiet mistenker ikkje rus.
Like før klokka 16:00 melder politiet at bilane er flytta og at vegen er open.