Vi har eit «gutta-problem» i trafikken
Plus
Dei har lite køyreerfaring, køyrer eldre bilar og tek stor risiko med høg fart. Unge menn er kraftig overrepresenterte i dødsulykker i trafikken.
Bio Guro Ranes Den gode, nedadgåande trenden i tal på drepne og hardt skadde unge i alderen 16-24 år har flata ut. I staden ser vi no teikn til auka risiko, særleg blant unge menn under 20 år.
*Vi i Statens vegvesen *har akkurat offentleggjort rapporten «Temaanalyse av alvorlege trafikkulykker med unge». I rapporten har våre ulykkesanalytikarar gjennomgått funn frå dødsulykker i perioden frå 2013 til 2023 og politirapporterte personskadeulykker så langt tilbake som frå 1983.
*Eit hovudfunn *i rapporten er at unge bil- og MC-førarar er spesielt overrepresenterte i ulykker som skuldast høgrisikoåtferd: Dei køyrer for fort, ikkje sjeldan i ekstreme hastigheiter, gjer farlege forbikjøringar og har kort avstand til bilen framføre. At farten var godt over fartsgrensa var ei medverkande ulykkesårsak i 36 prosent av ulykkene med unge bilførarar, fem gonger hyppigare enn i dødsulykkene med eldre førarar. Viss dette er kombinert med ruspåverknad og manglande bruk av bilbelte, så blir det diverre ei dødeleg blanding.
I ulykkesanalysane finn vi døme på hastigheiter på 140 km/t i ei 80-sone og 112 km/t i ei 50-sone. Samstundes har dei unge lite køyreerfaring, dei køyrer eldre bilar, gjerne på kvelds- og nattestid, og dei har ofte fleire unge passasjerar i bilen. Og ikkje minst: Nesten alle unge bil- og MC-førarar som forårsaker dødsulykker i trafikken, er menn. Unge menn utløyser dødsulykker 10 gonger oftare enn unge kvinner.
Kvifor spelar kjønn ei så stor rolle i dette? Det veit vi ein god del om. Gutar har seinare utvikling av enkelte hjernefunksjonar og svakare impulskontroll og risikovurdering. Dei let seg lettare påverke av gruppepress, og er meir tilbøyelege til å ta ukloke val. Tradisjonelle kjønnsroller kan også påverke gutar til å ville vise styrke, fryktløyse og kontroll.
Dette må vi gjere noko med. Ein 18 år gammal gut vil alltid vere ein 18 år gammal gut, og vi må hjelpe gutane til å bli betre og meir trafikksikre sjåførar. Det gjeld oss i Statens vegvesen og andre instansar som arbeider med trafikksikkerheit. Det gjer vi blant anna gjennom den nye Tiltaksplan for trafikksikkerheit på veg, med forslag til 177 konkrete trafikksikkerhetstiltak, som er på høyring fram til 31. desember. Planen inneheld ei rekkje tiltak retta mot ungdom og unge førarar. I det vidare arbeidet håpar vi særleg å få draghjelp frå skoleverket, både på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule.
Foreldre og føresette har også ei viktig rolle i opplæringa av nye bil- og MC-førarar, både som oppdragarar og som gode førebilete. Dei har også påverknad på kva slags køyretøy dei unge køyrer. La dei gjerne køyre familiens nyaste og sikreste bil, særleg dersom ho kan setjast opp med eigenskapar som redusert akselerasjon, fartssperre, etc.
Men først og fremst er det dei unge gutane som sjølve har nøkkelen til å løyse problemet. Dei må ta ansvar, roe seg ned, følgje trafikkreglane og ta omsyn. Dei må forstå at dei ikkje har dei beste evnene til å ta dei tryggaste vala, verken for seg sjølve eller andre i trafikken. Så enkelt og så vanskeleg.
Ingen har rett til å ta risiko på vegner av andre, og vi har ingen å miste.