Sette helse og brannførebygging på agendaen på nettverksmøte for bøndene
Plus
- desember arrangerte Landbrukstenester Folgefonna det årlege medlemsmøtet i kombinasjon med bondekafeen til Omvikdalen bondelag. På agendaen stod psykisk helse og brannførebygging.
Viktig brannførebygging
Bondens Nettverk
Dagleg leiar i Landbrukstenester Folgefonna, Janne Alsaker, rapporterer om eit godt og nyttig møte, trass i at det kunne vore fleire til stades:
– Grunna ei dobbeltbooking hadde Uskedalen bondelag 75-årsjubileum i Uskedalen samtidig som vi hadde møte i Omvikdalen, så det påverka dessverre oppmøtet, skriv ho i ein e-post.
Dei som var til stades fekk likevel mykje nyttig informasjon.
Først ut på møtet var Kolbjørn Taklo i Norsk Landbruksrådgivning (NLR) som heldt eit innlegg via Teams, om korleis bøndene sjølve kan vera med på å påverka korleis dei kan forbetra eiga helse i sin eigen kvardag. Han var òg innom kva NLR kan bistå bøndene med om ein først kjem i ei krise, både kriser som råkar dei sjølve eller folk rundt dei.
– Så fekk Johannes Hjelmeland fortelja om kva han gjer sjølv på sin eigen gard i forhold til beredskap. Johannes hadde med seg eit verktøyskrin i tillegg til brannsløkkingsapparat. Oppi verktøyskrinet har han nøkkelsett som han veit passar til innreiinga i fjøsen, i tilfelle han må skru opp innreiing for å sleppa dyr ut på kort varsel. Med å vite kor han finn desse tinga, og at dei har ein fast plass, så slepp han å leita viss det skulle begynna å brenna, fortel Alsaker.
Thomas Hallquist og Are Blokhus i Kvinnherad brann og redning var òg til stades på møtet for å fortelja om førebyggande tiltak bøndene kan gjera på eigen gard for å unngå brann, til dømes å passa på støv og smuss som kan ta fyr.
– Thomas Hallquist hadde fokus på dei tiltaka som må vera gjort på førehand: Hald fristane på godkjenning av brannsløkkingsapparat, og ha beredskapsplan hengande lett tilgjengeleg. Og i tillegg til bonden sjølv så bør andre familiemedlem og naboar vita kor dei finn sløkkingsutstyr slik at dette ikkje må leitast etter når brannen først har oppstått. Hallquist sette det litt på spissen og tipsa om at bøndene burde ha brannøving neste gong familie og naboar er samla.
Are Blokhus har ansvaret for den førebyggande delen frå brannvesenet si side, og snakka om både skogbrann og fjøsbrannar. Han rosa bøndene for innsatsen kvar gong det har vore behov for traktor og slangespreiarar i kommunen, seinast på Varaldsøy i sommar.
– Det blei i møtet lagt fram eit forslag der landbrukskontoret skal vera med på å kartlegge kven av bøndene i kommunen som sit på slangespreiar og møkapumpe som brannvesenet kan ha nytte av ved ein brann, både om det er bygningar som brenn eller skogbrann. Og som det vart kommentert på møtet: I Omvikdalen har bøndene så mange slangespreiiarar at dei omtrent kan legga slangar rundt heile dalen om det er behov. Desse slangane har god kapasitet og kan pumpa mykje vatn på kort tid, fortel Alsaker.
Siste bolken på møtet var Bondens Nettverk ved Kjersti Hjelmeland. I Kvinnherad kommune har Landbrukstenester Folgefonna, landbrukskontoret og NLR sett i gang med å få til eit nettverk for bøndene som treng hjelp ved kriser. Kommunen har no laga ei eiga nettside, informerer Alsaker. Den finn du her.
Alle på møtet fekk orientering om nettverket, kven som sit i nettverket og kan kontaktast, ein del problemstillingar som ofte går igjen i slike saker, og korleis dei som sit i nettverket skal gå fram når dei får tips om saker en må ta tak i.