Herold

Her mÄ Meyer rett og slett visa ryggrad som leiar

Plus
Kilde: BA Author: SĂžlve Rydland Published: 2025-12-13 08:24:03
Her mÄ Meyer rett og slett visa ryggrad som leiar

Uavhengig av kva juristane kjem fram til bÞr byrÄdsleiar Christine Meyer vera tindrande klar. Det hÞyrer ingen plass heime at dialogen mellom ein journalist og eit verneombod vert gjort offentleg.

FÞrste spÞrsmÄl: BÞr eit verneombod kunna ha fortruleg dialog med ein journalist?

Andre spÞrsmÄl: BÞr kommunale leiarar krevja Ä fÄ sjÄ verneombodet sin dialog med pressa, for Ä kunna vurdera om det er rett Ä gje innsyn?

Tredje spÞrsmÄl: Kan offentleggjering av korrespondansen, eller kommunen sine undersÞkingar, svekka det journalistiske kjeldevernet?

*To veker har *kommuneadvokaten i Bergen brukt pÄ Ä finna ut om kommunen skal gje innsyn i ein korrespondanse mellom eit verneombod og ein journalist.

Det er ganske oppsiktsvekkande.

Bakgrunnen er ein anonym person som har kravd innsyn i dialogen mellom verneombod May Britt Kindem og ein journalist i Bergens Tidende.

SjÞlv om verneombodet har motsett seg at nokon skal fÄ innsyn i e-postar og tekstmeldingar som ho har sendt til avisa, har ho fÄtt beskjed om Ä senda frÄ seg korrespondansen, slik at byrÄdsavdelinga kan vurdera om det er grunnlag for Ä gje innsyn.

Saka er ekstra pikant fordi Kindem i forkant av dette leverte eit varsel mot kommunaldirektÞr Belén Birkenes, som er den Þvste administrative leiaren i byrÄdsavdelinga.

Det skjedde etter at BT avslÞrte at ein mellomleiar i byrÄdsavdelinga, mot sin vilje, vart omplassert til ei anna byrÄdsavdeling etter ein alvorleg glipp.

Det var etter at verneombodet nekta Ä overlevera dokumenta at byrÄdsavdelinga bad kommuneadvokaten om Ä vurdera saka.

Dette har fÞrt til at spekulasjonane har hagla: Er det snakk om hemn fordi verneombodet varsla mot kommunaldirektÞren? Er det eigentleg leiinga i byrÄdsavdelinga som vil sjÄ korrespondansen mellom verneombodet og BT? Er det ein fryktkultur i kommunen?

I denne samanhengen er det best Ă„ la alt dette ligga. La oss heller ta for oss det me veit.

Peker pĂ„ byrĂ„kratene: – Jeg har ikke hatt noe med saken Ă„ gjĂžre

At saka har lagt pÄ bordet til kommuneadvokaten i to veker er ganske interessant.

*Med mindre saka *vert trenert eller kommuneadvokaten har tatt tidleg juleferie, noko ingenting tyder pÄ, mÄ me velja Ä tru at grunnen er at den juridiske vurderinga ikkje er beint fram.

Juss kan vera utfordrande greier. Eit lovverk vil aldri kunna vera presist nok til at ein i eit kvart tilfelle kan setta to strekar under eit svar.

Det stÄr ikkje i klartekst i offentleglova om dialog mellom kommunalt tilsette og media er omfatta av lova, eller ikkje. Det stÄr heller ingenting om verneombodet er omfatta av lova.

At saka kan vera komplisert juridisk, betyr likevel ikkje at dette er ei veldig vanskeleg sak.

Nokre enkle kontrollspÞrsmÄl burde gjera det ganske enkelt for byrÄdet Ä landa pÄ ei fornuftig avgjerd:

Svaret er definitivt ja. Verneombodet sin jobb er Ä seia ifrÄ om forhold som kan vera problematiske pÄ ein arbeidsplass. Verneombodet har ikkje berre rett, men plikt, til Ä seia ifrÄ om noko kan vera kritikkverdig.

I tillegg til Ă„ varsla internt, er det Ă„ varsla pressa ein naturleg del av denne rolla.

Dersom andre kan fÄ innsyn i denne dialogen, set ein verneombodet ut av stand til Ä gjera jobben sin.

Ein kvar kommunal leiar bĂžr legga til rette for at verneombodet skal kunna gjera jobben sin, sjĂžlv om det kan vera ubehageleg for den kommunale leiaren

Svaret er definitivt nei. Om verneombodet skal kunna gjera jobben sin, mĂ„ bĂ„de verneombodet sjĂžlv, men ĂČg andre tilsette i kommunen, kunna stola pĂ„ at kommunale sjefar ikkje kan snoka i verneombodet sine korrespondansar.

Dette handlar ĂČg om rolleforstĂ„ing som er heilt avgjerande for kommunale leiarar. Berre ved Ă„ be om Ă„ fĂ„ sjĂ„ dokument som verneombodet ikkje vil visa fram, beveger leiaren seg inn pĂ„ i eit minefelt.

Nettopp denne saka illustrerer kvifor. At verneombodet faktisk varsla mot kommunaldirektÞren berre understrekar at dette er ein korrespondanse som alle overordna i byrÄdsavdelinga bÞr halda seg langt unna.

Ja. Definitivt. At kjeldevernet er ivaretatt er i utgangspunktet pressa si oppgÄve. Det handlar til dÞmes om Ä verna den som har komme med informasjon, til dÞmes mot represaliar frÄ arbeidsgjevar.

Å undersĂžka innhaldet i dialogen mellom verneombodet og pressa vil kunna oppfattast som utidig kjeldejakt frĂ„ kommunen si side.

SjÞlv om det er pressa sitt klokkeklare ansvar Ä beskytta kjeldene sine, er det ikkje noko kommunal oppgÄve Ä driva kjeldejakt.

I sum burde alle desse tre kontrollspÞrsmÄla peika i same retning.

Nemleg at kommunen gjer klokt i Ä ikkje gÄ inn i korrespondansen mellom journalisten og verneombodet, og dermed avslÄ innsynskravet.

Om den som har kravd innsyn ikkje er fornĂžgd med den avgjerda, kan avslaget klagast inn til statsforvaltaren eller sivilombodet.

Det er noko kommunen gjer heile tida. I langt mindre problematiske saker.

BÄde omsynet til verneombodet, intern rolleforstÄing, og omsynet til kjeldevernet og journalistikken tilseier at kommunen ikkje bÞr vurdera innhaldet i denne dialogen.

*I staden skubbar *byrÄdet jussen framfor seg. I tillegg til Ä svekka verneombodet si evne til Ä gjera jobben sin, opnar kommunen opp for ein flaum av spekulasjonar.

I beste fall handlar denne saka om kommunale leiarar som ikkje har tenkt seg om. Me kan likevel ikkje utelukka at saka er langt meir alvorleg. Er det eigentleg slik at leiarane i byrÄdsavdelinga Þnskte Ä fÄ sjÄ dialogen verneombodet hadde med pressa?

Uansett er det kommunale leiarar som ikkje har greidd Ä tenka klart i denne saka. Uavhengig av kva den juridiske vurderinga til kommuneadvokaten endar opp med, bÞr den Þvste sjefen i Bergen kommune no setta skapet pÄ plass.

Christine Meyer mÄ vera veldig tydeleg pÄ at kommunen ikkje tar lett pÄ den krevjande rolla til verneomboda i kommunen, og at byrÄdet Þnsker at verneomboda skal stÄ fritt til Ä ha fortruleg dialog med bÄde tilsette i kommunen og pressa.

*Derfor bĂžr Meyer *gje tydeleg beskjed om at kommunale leiarar ikkje skal snoka i dialogen mellom kommunalt tilsette og pressa, og at det derfor ikkje er forsvarleg Ă„ vurdera om slik dialog er offentleg eller ikkje.

I 2022 ropte ytringsfridomskommisjonen varsku om ytringsfridomen i norsk arbeidsliv generelt, og innan offentleg sektor spesielt. I rapporten kjem det fram at urovekkande mange kommunalt tilsette er redda for Ä seia ifrÄ om kritikkverdige forhold pÄ arbeidsplassen.

Det vert langt pÄ veg peikt pÄ ein ukultur i norsk arbeidsliv. Ein ukultur som minner om den ukulturen som enkelte har hevda at finst i Bergen kommune.

At verneomboda skal kunna gjera jobben sin er siste skanse i denne samanhengen. Om tilsette ikkje vÄgar Ä snakka med verneombodet og verneombodet ikkje vÄgar Ä snakka med pressa, er me ille ute.

I Bergen kommune er dette til sjuande og sist Christine Meyer sitt ansvar. Uavhengig av jussen mÄ byrÄdsleiaren no visa at ho er ein leiar med ryggrad.

RÞdt stiller mistillitsforslag mot byrÄdsleder Christine Meyer

Peker pĂ„ byrĂ„kratene: – Jeg har ikke hatt noe med saken Ă„ gjĂžre