Mildt og vått i Odda. På fjellet kan det verta kuling
Plus
Plussgrader
– Det er venta at det skal vera ganske mildt dei neste dagane. Truleg vert det regn og mildvêr også høgt til fjells, innleiar Lars Andreas Selberg.
Han er vakthavande meteorolog hjå Vêrvarslinga på Vestlandet og fortel at ein no er inne i ein situasjon der det kjem lågtrykk på lågtrykk frå vest med mild luft. Dermed kan ein venta seg vestlandsvêr og regn i låglandet, men høgt til fjells kan ein kanskje få noko snø.
– Første del av laurdag ser ut til å vera relativt roleg, og det er ikkje venta mykje vind i fjellet. Laurdag kveld skal det koma ein front frå vest, og denne vil auka i utsette område, forklarar Selberg.
Meteorologen åtvarar om at det kan verta stiv til sterk kuling i ein periode søndag. Fredag føremiddag har han berre vêrvarsel fram til 21. desember, og han oppmodar dei som skal på juleferie om å sjekka både veg- og Vêrmeldingane fleire gangar før dei legg ut over fjellet.
– Om ein ser på langtidsvarselet er det ein tendens til at ein i fjellet kan få meir vinter frå neste veka. Eg tør ikkje å seie om det vert snø i låglandet, men per no ser det ikkje sannsynleg ut, kommenterer Selberg.
I Odda ser det ut til å vera plussgrader fram mot jul, så om ein vil oppleva snø må ein truleg til fjells. Men også på Finse skal det verta opp mot fire grader.
Julemarkedet på Lothepus Camping er offisielt åpnet. Se bilder fra første dag