Førr ei dame!
Plus
Norunn Herland fylte 100 år 3. desember 2025.
Vår flotte mor, svigermor, farmor, mormor, bestemor, oldemor og tippoldemor vart feira over mange dagar.
Ho flytta inn på hotell saman med eit par døtre, og tok imot visittar både på føremiddag og ettermiddag på bursdagen sin. Ho fekk brev med helsing frå kong Harald, og hyggeleg besøk av ordføraren i Bergen. Innimellom visittane skulle ho slappa av, men då ville ho heller sjå skiskyting på TV.
Så hadde ho ein roleg dag torsdag medan ho lada opp til den store familiefesten fredag.
Det kom 110 gjester frå storfamilien og det var ein hyggeleg og flott kveld. Norunn har alltid vore danseglad, og ho leigde inn jazzband som underheldt i eit par timar. Og jammen svinga ho seg i dansen fleire gonger til stor applaus frå familien.
*Norunn f. Notnæs *på Storebø 3. desember 1925. Ho var eldst av 11 søsken, og måtte tidleg ta ansvar heime. Av den store søskenflokken er det framleis sju som lever i dag. Så møtte ho Johan og gifte seg med han på 19-årsdagen.
Dei flytta til Fotlandsvåg og fekk fire barn på rad. Så gjekk det åtte år og jammen kom det fire barn til. Familien budde då på Askøy før dei flytta til Garnes. Der bygde dei seg hus og flytta inn i 1983. Norunn bur no i kjellarleligheten etter at eine sonen overtok huset, og han tar godt vare på mor si.
Norunn mista sin kjære Johan i 2014. Ho har også opplevd den store sorg å mista to av sine barn, Jarl i 2021 og Margot i 2022.
Likevel så er ho positiv og glad for kvar dag som kjem, ho klagar ikkje, synes ho har det så godt. Ho elskar besøk og vil helst ha alle rundt seg.
Førr ei dame!
Helsing frå barn og svigerbarn m familie
Hundreåringen som aldri sluttet å holde seg oppdatert