– Ikkje ei privatsak når ein kommunedirektør gir opp
Plus
– No bør ein nytte høvet til ei skikkeleg utlufting i rådhuset i Førde, skriv Firda-redaktøren.
Viss eg hadde vore tilsett i Sunnfjord kommune hadde eg vore skikkeleg sur i dag. Som innbyggar i Sunnfjord kommune er eg også sur. Toppsjefen har gått ut bakdøra, sagt han vil gi seg, utan å seie eit kvekk om kvifor.
Dette er ikkje godt nok!
Heller ikkje politikarane i formannskapet vil fortelje folket dei representerer kvifor Heggheim eit par veker før jul går i dialog om det som betyr at tida hans som kommunedirektør er over. Heller ikkje det er bra.
Vi har altså ein gjeng folkevalde og tilsette som nektar å fortelje innbyggarane kvifor den øvste administrative leiaren kastar korta.
Dessverre har vi sett fleire døme på dette i Sunnfjord kommune. Politikarar og administrasjon som gjer sitt beste for å styre og porsjonere ut den informasjonen innbyggarane og tilsette i kommunen har krav på få.
Det er ikkje ei privatsak når ein kommunedirektør gir opp. Uansett kva som er årsaka!
Det er fullt mogleg å informere om og også utdjupe årsakene til avgangen utan at dette blir negativt for Terje Heggheim.
*At saka blir lagt lokk på opnar sjølvsagt *for spekulasjonar rundt om i tusenvis av Sunnfjord-heimar, på kontora i rådhuset, på lærarromma i kommunen og blant pasientar og tilsette på sjukeheimane kommunedirektøren har det øvste administrative ansvaret for.
Og spekulasjonar skal bli:
Handteringa av varslingssaka ved Sunnfjord barnevern er det ferskaste eksempelet på ei sak som har vorte handtert svært dårleg. Etter å ha gøymt seg bak teieplikta i heile haust går kommunedirektøren i eit lesarinnlegg hardt ut mot Firda sin måte å omtale saka på, samtidig som han står fast på at kommunen har handtert saka på ein god måte.
– Ingen i rådhuset som har ei dårleg kjensle i magen?
*Mykje kan seiast *om den hjelpelause og lite omsorgsfulle handteringa av denne varslingssaka. Heggheim ser m.a. ut til å tru at varselet vart lukka etter seks vekers undersøkingar i 2022, samtidig som han skriv noko heilt anna ei eit brev til varslaren i oktober 2025. Kommunen sin innleigde advokat er også tydeleg på at varselet aldri blei lukka.
"Det er etter min oppfatning i noko grad kritikkverdig av Sunnfjord kommune å ikkje foreta en endeleg lukking av varselet med tilbakemelding til MMJ …»
Skriv advokat Harald Pedersen. Som fekk 123.000 kroner for jobben.
Ikkje spesielt tillitvekkande. Og eit slikt rot *måtte *få konsekvensar på ein eller annan måte. At Heggheim sin avgang blir annonsert i ei pressemelding eit par veker før jul, og at han får permisjon ut januar for å ha ein dialog om mogleg avslutting av arbeidsforholdet, tyder på at avgjerda har vorte teken i løpet av kort tid.
I ein lang og godt førebudd prosess hadde dette vorte kommunisert med ei fiks ferdig løysing. No er det formalitetar og økonomi det skal forhandlast om.
Eit godt tips: Ikkje sjå korleis dei har gjort dette i Sogndal. Det blir i så fall svært dyrt.
Det er sjølvsagt heilt utenkeleg at Heggheim skal komme tilbake som kommunedirektør. Når han no skal ha dialog med ordføraren om ei mogleg avslutting av arbeidsforholdet, vil det vere umogleg å komme tilbake som toppleiar i kommunen med nødvendig tillit og autoritet. Terje Heggheim har allereie mista garderoben, som det heiter på fotballspråket.
*Dette er Heggheim fullstendig *klar over. Og med å legge lokk over saka har både politikarar og admistrativt tilsette sett Sunnfjord kommune i ein vanskeleg situasjon.
*At kommunedirektøren gir seg *forstår eg godt. Lista er ganske lang over saker som har vorte handtert frå heilt middels til svært dårleg.
Truleg skjønnar Heggheim at han har gjort sitt, og at det er på tide med ny giv i den administrative toppleiinga i Sunnfjord kommune.
*Den sjølverkjenninga *skal han i så fall ha ros for.
Den nye kommunedirektøren bør nytte høvet til ei skikkeleg utlufting i Sunnfjord rådhus. Truleg vil det vere behov for nytt blod også i andre delar av organisasjonen.
Innbyggarane treng moderne leiarskap som tek visjonane til den ferske storkommunen på alvor. Leiarar som ordnar med ryddige arbeidsforhold for alle tilsette, viser omsorg overfor tilsette på brannstasjonen, i barnevernet og på Førde omsorgssenter. Som gir dei ein trygg arbeidsplass.
Det er også på tide å løfte takhøgda og gi større rom for ytringar og kritikk. Varslingssaka i barnevernet er dessverre bevis på det motsette. I dagens regime ville eg aldri tilrådd å varsle om noko som helst i Sunnfjord kommune. Slik skal det ikkje vere.
Difor bør det no brukast tid og ressursar på ein skikkeleg prosess for å lande ein god kommunedirektør. Sunnfjord har stort potensial til å bli ein attraktiv kommune.
Men vi treng nytt og friskt blod i toppen.
Og når den neste kommunedirektøren, ein gong i framtida, finn ut at hen vil gå av. Så er det heilt sjølvsagt med openheit om kvifor dette skjer.
Det skulle berre mangle!
Heggheim går av. Dette seier ordføraren
Kommunedirektøren tar permisjon
– Heggheim har aldri snakka med meg