Herold

Endeleg fekk Iselin gå i Lossi-tog: – Dette har eg lyst å gjera neste år òg

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2025-12-12 19:04:49
Endeleg fekk Iselin gå i Lossi-tog: – Dette har eg lyst å gjera neste år òg

Lossi-toget er tilbake i Sokndal.

Har sakna det

Utkledd som vaskemaskin

Fredag ettermiddag gjekk rundt 100 lossiar gjennom sentrum. Det er lenge sidan sist, og den gamle tradisjonen har vore sakna av både små og store.

– Dette har eg lyst å gjera neste år òg, sa ei oppglødd Iselin Jonassen (12) etter å ha gått gjennom Gamleveien utkledd som Lossi sjølv.

16-åringane Linnea Falkelid og Christiane Melhus var små jentungar sist gong det blei arrangert Lossi-tog i bygda. Christiane reknar med ho var med og gjekk då òg, men ho har ingen minne frå det.

– Eg har sakna å ha Lossi-tog. Eg er glad for at bestemor drog det i gang igjen, seier Christiane Melhus, som er barnebarnet til initiativtakar Jane Vatland Øvstebø.

Initiativtakaren sjølv var godt fornøgd.

– Herlegheit for eit oppmøte! Gobba Noa! kommenterte ho mens ho sørgde for at lossiane fekk seg varm graut på Gamle skolen, der det var Lossi-fest etter toget.

Eliah Solli Gandsness fekk førstepris for utkledninga si. Femåringen var kledd ut som ein vaskemaskin. Andreplassen gjekk til Are Vinterstø, utkledd som eit do med skit i.

Jon Vinterstø var utkledd som ein liten drage, og han fekk tredjepremien for kostymet sitt.

Sjå bileta frå toget!

Vaskemaskin, heks og dauding: Sjå dei kreative kostymane i Lossi-toget!