Intense forhandlingar om Bømoen: – Det er no det gjeld
Plus
Det er sett frist på å få til ein minneleg avtale om Bømoen innan fredag. – Det vert jobba intensivt av alle, seier ordføraren.
Kan verta travel helg
Blir uansett møte
Advokatar har vore kopla på ei stund
– Vert jobba intensivt av alle
Brukar ikkje energi på alternativ
Tilbake i november tok Hilde Magnusson og Arbeidarpartiet opp situasjonen på Bømoen, med eit klart bodskap om at ein burde få landa anten ei minneleg løysing eller eit oreigningsvedtak innan året var omme.
Magnusson ytra at mange er uroa for drifta av flyplassen i 2026, og om Ekstremsportveko kan gjennomførast som normalt.
Ho spurde vidare om ordførar Tonje Ljones Såkvitne (Sp) kunne garantera at heradsstyret kunne gjera eit vedtak innan 2025.
– At me skal få lagt fram ei slik sak, det kan eg garantera. Men eg kan jo ikkje garantera for heradsstyret si vilje til å fatta vedtak. Om heradsstyret bestemmer seg for å utsetja ei sak eller noko liknande, så prøver eg å ikkje garantera noko på vegner av dykk, svara ordføraren då.
I det som i utgangspunktet var årets siste heradsstyremøtet torsdag 11. desember, var det ikkje noko Bømo-sak på agendaen.
Men i ei orientering på slutten av møtet, opplyste Såkvitne at det vert lagt opp til eit ekstraordinært møte 18. desember.
– Me er framleis i forhandlingar, og for å seia det slik, det er no det gjeld. Under føresetnadene at Voss herad og Bømoen AS landar ein avtale innan arbeidsdagen sin slutt fredag, så sakshandsamar Voss herad avtalen og skriv sakspapira, sa ordføraren og la til:
– I det avtalen er ferdigforhandla vil ordføraren tre frå, og rådmannen sitt arbeid startar.
Administrasjonen vil i så tilfelle greia ut saka i løpet av helga, og senda ut sakspapir måndag føremiddag.
Neste torsdag vil det verta lagt opp til at politikarane kan gjera eit vedtak i saka.
– Eg tillèt meg å leggja til at det framleis er stor vilje mellom partane, men at det er ein del juridiske flokar som er meir eit handverk å få løyst, sa Såkvitne i møtet.
Det er såleis ikkje sikkert at partane kjem til semje om ei minneleg løysing på Bømoen.
Partifelle Kari Nestaas Ruud spurde om det i så tilfelle likevel vert heradsstyremøte 18. desember, der dei folkevalde tek stilling til ei oreigningssak.
– Som eg oppfattar det er det ei tydeleg forventning, og det er vidareformidla til rådmannen, som må skriva saka, svara ordførar Såkvitne.
Det var tidleg i haust at ordføraren på vegner av Voss herad tok kontakt med styreleiar i Bømoen AS, Olav Lægreid.
Sidan har partane hatt uformelle samtalar, som igjen har leia inn i konkrete forhandlingar om ei minneleg løysing.
Såkvitne opplyser til Hordaland at advokatane til partane har vore kopla på sidan 20. november.
– Kva inneber eigentleg ei minneleg løysing?
– Målet med ei minneleg løysing er at me gjennom ein omforeint avtale klarar å sikra gjennomføring av områdereguleringsplanen, omsynet til samfunnet sitt behov for beredskap og sikkerheit, og luftsportsinteresser, utan å bruka ekspropriasjon.
– Snakkar me då om ein avtale der Voss herad eventuelt kjøper flyplassområdet, slik dei gjorde eit framstøyt for i vinter?
– Eg kan ikkje gå inn i kva som blir forhandla om i avtalen, men formålet med avtalen er å leggja til rette for at friluftsinteresser, næringsinteresser og andre samfunnsomsyn innanfor planområdet kan sikrast og utviklast til det beste for både grunneigar og samfunnet, og at me fråfell andre type juridiske spor som søksmål og oreigning, svarar ordføraren.
Såkvitne kan bekrefta at forhandlingane går føre seg når Hordaland ringjer fredag ettermiddag, og at det er stor vilje til å verta samde hjå begge partar.
På møtet kvelden før, vart det sagt at ein slik avtale lyt verta landa innan fredag er omme.
– Er det framleis ei forventning og eit håp om at ein kjem til semje?
– Ja, det er det. Me hadde ikkje sete her og på møter seint på kvelden om det ikkje var vilje og håp. Det vert jobba intensivt av alle, seier ho.
At det vert lagt opp til å gjera eit Bømo-vedtak neste torsdag, er slått fast.
Ordføraren gjer likevel klart at både ho og administrasjonen brukar energien sin på å få landa ei minneleg løysing, heller enn å tenkja på ei alternativ oreigningssak.
– Kva sak som vert lagt fram er avhengig av om me kjem i mål juridisk med ein avtale. Å bruka tid og krefter på kva som står i ei anna sak enn det me jobbar for, gjer me ikkje no.
Dramatisk tid for fallskjermklubben. – Situasjonen vår er ekstrem
Uroa for framdrifta i Bømoen: – Må ta ansvar for å landa dette i år