Nynorsk lever i beste velgÄande
Nynorsken dĂžyr ikkje. Den har aldri vore meir levande.
Det er ikkje nynorsken, men dei pubertale haldningane René RÞnshof gjer seg til talsmann for, som er utryddingstruga. Heldigvis.
Norske elevar veit ikkje kven Ivar Aasen er, og den norske skulen bÞr ikkje drive opplÊring i eit offisielt norsk skriftsprÄk, skal vi tru journalist og forfattar René RÞnshof i ei ytring pÄ NRK onsdag kveld.
Slike tekstar er vi i Noregs MĂ„llag vande med, men dĂ„ gjerne frĂ„ populistiske ungdomsparti som skal vinne skuleval. Heldigvis blir det fĂŠrre av dei, for haldningane til nynorsken har blitt markant betre dei siste tiâfemten Ă„ra.
«Det har aldri blitt skrive sÄ mykje nynorsk tekst som i dag»
Det er som om ein kan hĂžyre ekkoet frĂ„ elevrĂ„dsmĂžte pĂ„ ein vidaregĂ„ande skule i BĂŠrum â for tjue Ă„r sidan, skriv Hauge og Natvik.
Den urbane motstanden mot nynorsk dÞyr ut, nynorsken lever i beste velgÄande. Det beste argumentet for at NRK skal publisere RÞnshof si ytring, er at vÄrt tilsvar bidreg til at NRK nÄr mÄlet om 25 prosent nynorsk pÄ nett.
Det har aldri blitt skrive sÄ mykje nynorsk tekst som i dag. Den politiske og kulturelle aksepten er stor. MÄllaget opplever rekordstor auke i medlemstalet, og nynorsk vinn terreng pÄ omrÄde etter omrÄde. Det har aldri vore enklare Ä vere nynorskbrukar enn i 2025.
Det er litt krevjande Ă„ fĂ„ tak pĂ„ kva han eigentleg vil fram til, utover at nynorsk er bortkasta (!). Det er frisk og freidig omtale av eit nasjonalsprĂ„k â og brukssprĂ„ket til over 600.000 nordmenn. Det er som om ein kan hĂžyre ekkoet frĂ„ elevrĂ„dsmĂžte pĂ„ ein vidaregĂ„ande skule i BĂŠrum â for tjue Ă„r sidan.
«RÞnshof skriv at han vore bÄde i Frankrike og Tyskland og hÞyrt engelsk. Fint det.»
SidemÄlsopplÊringa til RÞnshof kan ikkje ha vore den beste. Det er synd. For norske elevar fortener meir enn Ä «vite kven Ivar Aasen var».
Dei fortener engasjerte lÊrarar som kan drive opplÊring i og pÄ nynorsk. Som formidlar leseglede heller enn mekanisk pugging. Og som formidlar positive haldningar, slik at fordommar blir brotne ned og kompetansen gÄr opp.
RĂžnshof skriv at han vore bĂ„de i Frankrike og Tyskland og hĂžyrt engelsk. Fint det. Men skal vi fĂžlgje logikken hans, sĂ„ skal vi altsĂ„ ikkje lĂŠre nynorsk i Noreg fordi dei har lĂŠrt seg engelsk i sentraleuropa. Om engelsk uansett skal ta over â kvifor skal vi som eit lite land i ei verd med over sju milliardar menneske lĂŠre oss bokmĂ„l? Kan vi ikkje gĂ„ over til engelsk fĂžrst som sist?
«Haldningane til nynorsken har blitt markant betre dei siste tiâfemten Ă„ra»
Eit land RĂžnshof derimot neppe har besĂžkt, er Wales. I sĂ„ fall hadde han visst at der satsar styresmaktene tungt pĂ„ Ă„ styrkje walisisk â eit sprĂ„k om lag pĂ„ storleik med nynorsk. Fordi sprĂ„k handlar om eigenart, identitet og felles referansar.
MĂ„lsaka i Noreg er vĂ„rt bidrag til det globale sprĂ„kmangfaldet. Det har ein eigenverdi â ogsĂ„ i framtida. Ei framtid der nynorsk ikkje berre stĂ„r trygt, men vil styrkje seg â trass kulturkrigerske dommedagsprofetiar i debattspaltene hos allmennkringkastaren.