Herold

Politiloggen: Sjåfør vart blenda og bilen køyrde av vegen

Plus
Kilde: HF Author: Kristin Eide Published: 2025-12-12 10:00:30
Politiloggen: Sjåfør vart blenda og bilen køyrde av vegen

Torsdag kveld hadde ein patrulje frå UP laser og promillekontroll i Fresviktunnelen på Rv. 13. Mellom klokka 18 og 20 vart det skrive ut to forenkla førelegg for hastigheit.

– Høgste hastigheit vart målt til 100 km/t i 80-sona. Det var ingen utslag på alkometeret, opplyser politioverbetjent Bodil Nakkerud ved Hardanger politistasjon.

Etterpå flytta patruljen seg til Odda sentrum, der dei stoppa bilar i Eitrheimsvegen. Frå klokka 20.20 til 21.20 vart 42 sjåførar kontrollerte, men det var ingen utslag for promille.

– I natt var det også meld om eit trafikkuhell ved Svandalsflona, der ein bil hadde køyrd av vegen. Sjåføren skal ha vorte blenda av eit motgåande køyretøy, fortel Nakkerud.

Politiet rykka ut, men det er ikkje mistanke om rus. Det vert ikkje oppretta sak.

Småstein og vatn ved Skarvabjørg