Beredskap og lokalt engasjement
Plus
Med stormen «Amy» friskt i minne veit vi no fleire kva som er lurt å ha i beredskap!
Vi i bygdekvinnelaget hadde innspel til partia og velgjarane i valkampen i år; om beredskap, skolemat m.m. Sjå nettsida til NBK: bygdekvinnelaget.no om politisk plattform!
No i haust startar arbeidet med å koma på banen når det gjeld beredskap i kommunane. Den 24.november i år fekk ordførarar og statsforvaltarar over heile landet brev frå NBK, Norges bygdekvinnelag, med oppmoding om å koma i dialog med lokale representantar for deltaking i beredskapsråd. Vi ønskjer å vera til nytte med kompetansen vår og bli rekna med når det trengs. Vi vil presentere våre ressursar/humankapital og lokal kjennskap som kan bli avgjerande for kriseramma medmenneske.
Kvar kommune er ansvarleg for å ha eit beredskapsråd der frivilligheten er representert. Norges bygdekvinnelag har 10.000 medlem og 400 lag. I tillegg er det regionlag fylkesvis, men her i Trøndelag står gamal inndeling ved lag; derfor skriv Sør Trøndelag BygdeKvinnelag – STBK- dette innlegget. Ikkje alle kommunar har lokallag, og nokre kommunar har fleire lokallag. Finn ditt lag ved å gå inn på nettsida til NBK!
Det er styrke i å vera eit fellesskap og engasjere seg saman for gode lokalsamfunn. I bygdekvinnelaget er vi fokusert på tradisjonar både når det gjeld mat og klede. Tema som Frå jord til bord, bruk norskprodusert mat; meir av kornslaget bygg, ut i naturen for å sanke bær og sopp, og ulike prosjekt nøysom der gjenbruk er svært aktuelt, har prega siste 10-året. Vi ser inkludering som viktig for aktive bygder og inviterer folk med andre kulturar og tradisjonar saman på våre arrangement. Alt dette og meir til er kvalitetar som byggjer gode fellesskap.
For den som vil bli medlem no og er under 40 år, er det halv medlemskontigent, ca kr 400 ut neste år.
Bladet bygdekvinner er utgitt sentralt og kjem i posten 2 gonger i året. Uavhengig av tru, rase eller kjønn: Alle er velkomne til å finne sin plass i bygdekvinnelaget! Ta kontakt, for du er verdifull!
Med helsing Sør Trøndelag bygdekvinnelag