Herold

Språk: Vêr og uvêr

Kilde: Romsdals Budstikke Published: 2025-12-12 08:49:24
Språk: Vêr og uvêr

Det er desember, ein månad som kan by på mangt eit vêrskifte.

Språk: Vêr og uvêr

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Verst er det for dei som bur heilt ute ved kysten, slik oningane, buaværingane og folk elles i ytre Romsdal gjer. Lagar det seg til med lågtrykk borte ved Island, så er det berre å stålsette seg.

Dei siste tiåra har november-desember vore prega av mindre snø enn før. Den godt vaksne kan enno hugse vintrar på 1960-talet med brøytekantar så høge at ein knapt kunne sjå taket på bilane som for langs vegane. Kom det så vêromslag, kunne det bli sagt at «det va reine bLåstøa ætte veia». Då var det slaps og oppbløytt is me snakka om. Då måtte eldre folk passe seg, for det blei «håLt» både på vegen og på «kLåppen». Frå tak og takrenner hang det «isuggeL» som det draup av. Ungar har alltid likt å suge på desse i mangel av noko søtare og betre. Slikt mildvêr kalla dei «leke» på Gossen og sikkert andre stader i Romsdal også. Elles i landet kan «leke» bety både ei vassrenne og ein lekkasje (Vesterålen, Trøndelag). Sett på spissen kan ein kanskje seie at det lek overalt når vêret er slik.

Når det «lænne på» slik i desember, snakkar nordlendingane ofte om «kakelinna». Ei mindre seriøs forklaring på dette plutselege mildvêret i desember er den intense bakeaktiviteten fram mot jul. Veka etter kan det bli «opplett» og så «mjelljsnø» (puddersnø), som det har vore sagt i indre Nesset. Så skiftar det til mildvêr igjen, snøen heng tung på trea; «skogabjue». Då dryp det «ystedråpa» frå takskjegg også.

Blæs det om hausten og vinteren, då er det «kalsnekje» for oss romsdalingane. Aukar det på, kan det bli snakk om «rennjfåk». Då snakkar me om snøstorm, og det er iallfall ingen spøk, «då e hanj rusjinnj ute». I Midsund snakka dei om «sjellje» (skjelle), som altså er ein kald vind som kan blese frå ulike retningar. Ordet er registrert i heile fylket, og i indre Romsdal som ein kald vind frå ein dal. Var den ekstra sterk, sa folk: «I dag e’n ett sjelljebrøt!».

Både ute og inne kan romsdalingen snakke om «øL» og «øLmoe». Som så mange andre ord kjem dette frå norrønt: ylr. I moderne islandsk: ylur. «Ølmoe» er den disige, varme lufta du kan oppleve sommarstid. Innandørs kan det vere at det blir fyrt hardt i omnen, då blir det «go øL» i stova. Held du deg i aktivitet ute vinterstid, då får du «øL’n ti de». Den som blir ståande i ro og sjå på, klagar ofte; «I he vorte so fråstallj». Nokon vil kalle han/ho ein «frøspisst». Frostal er eit ord i bruk langt utanfor fylkesgrensene, t.d. i Gudbrandsdal og Hallingdal.

Eit vêrfenomen om sommaren er «floing». Ein fin, varm sommardag kan brått snu til regn og heller sterk vind. Er det berre vind, snakkar me om «tørfLoing». Er du eit godt stykke utpå fjorden i småbåt, kan det vere lurt å pelle seg til lands. Ei «vinnjråse» (vindrose) er eit hardt vindkast som kan gjere skade både til lands og til havs. «Det kåmm ei vinnjråse so la seggLe fLatt».

Det meste av vêr blir gjerne gradert. Om det pessregnar, då er han «skalåk mæ vera». Ein annan gong er det stormen som er «staurlåk». Og om den ikkje spaknar og dreg med seg regn, så er det «rusje te vêr». Og «foLe», det brukar me romsdalingar om det meste: «De e foLe kor det bLes», «Ta va foLe te greie», «FoLe kor du styre!», «FoLe gaLe» osv. Eit artig poeng er at «fole» med og utan tjukk l er to ulike ord som tilhøyrer ulike ordklassar. «FoLe»= veldig og dermed adjektiv/adverb medan «fole»= unghest og dermed eit substantiv. «Ta va ennj foLe fin fole!» Den som skal forstå ein romsdaling, må henge med i svingane.

Ei ri kan bety så mangt. Om nokon lurer på kva tid du kjem, kan svaret vere: «Om ei lita ri». Er det snakk om vêr, seier me ofte: «Det va ei snøri» eller «Me fekk oss ei uvêrsri». Dei riene ei fødande kvinne må gjennomgå, handlar derimot om smerte.

Kjelde: Ove Arild Orvik: Ta va foLe! Ord og uttrykk frå Romsdal.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Språk, Nesset, Romsdal, Gossen, Vêr, Vêret
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Språk, Nesset, Romsdal, Gossen, Vêr, Vêret