Herold

Framsnakking av Surnadal

Plus
Kilde: TK Author: Johannes Johannesson Vaag Published: 2025-12-12 06:19:45
Framsnakking av Surnadal

Mange gode døme

Silje Ranes har oppretta Facebook-gruppa «Framsnakking i Surnadal, Rindal og Halsa».

Ranes seier det slik: «Eg ville lage en arena for positivitet, takknemlighet og framsnakking. Vi trenger å se etter det som er bra rundt oss, og løfte det fram». Bakgrunnen var ei bølgje av harde ordskifte og personangrep i Facebook-gruppa «Aktuelt i Surnadal».

Silje Ranes bestemte seg med bakgrunn i dette for å ta til motmæle. Stor ros til Ranes for tiltaket.

For eigen del kom min familie og eg til Surnadal sommaren 1980. Det eg spesielt har merka meg er det rike frivillige organisasjonslivet vi har her i kommunen. Dette gjeld ikkje minst frivillig humanitært arbeid. Her nemner eg organisasjonar som Røde Kors, Sanitetskvinnene og den organisasjonen som eg sjølv kjenner best, Nasjonalforeningen for folkehelsa med sine helselag og demensforeiningar. Og det er fleire.

Mykje flott arbeid blir utført rundt om i kommunen sine grender og bygdelag. Så har vi idrettslag med sine ulike aktivitetar, skyttarlag og andre lag og organisasjonar som driv med positive gjeremål for sine innbyggjarar. For å få til dette treng vi eldsjeler. Surnadal har mange positive eldsjeler som står på året rundt. Stor ros til alle desse med sine medhjelparar.

Surnadal har eit allsidig arbeidsliv som sysselsett mange arbeidstakarar. Her er det mange gode døme å vise til.

Frivilligheten holder demokratiet levende

Staten lovet forenkling, men tynger frivilligheten med nye krav

Skolebygget skal ikke være bare skole, men også et kulturhus