Herold

Budsjettforliket på Stortinget sikra Kinn 9,7 millionar ekstra kroner. Dei vil ikkje kommunedirektøren bruke

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2025-12-12 04:00:00
Budsjettforliket på Stortinget sikra Kinn 9,7 millionar ekstra kroner. Dei vil ikkje kommunedirektøren bruke

Øyvind Bang-Olsen sitt råd til politikarane er at dei ekstra pengane blir heldt utanfor drifta for å kompensere for usikre inntekter frå Havbruksfondet i framtida.

Reduserer behovet for å auke skatten

Må balansere med disposisjonsfondet

For om lag ei veke sidan blei statsbudsjettet vedteke på Stortinget. Budsjettforliket sikra ei ekstraløyving på 3 milliardar kroner til kommunane. Det betyr at Kinn kommune vil få overført 9,7 millionar kroner som dei ikkje har budsjettert med.

Om økonomien er trong, og ein plutseleg kjem over pengar ein ikkje har rekna med. Då er gjerne den første impulsen at ein vil kjøpe seg noko fint for pengane. Noko ein aldri hadde hatt råd til elles. Den kjensla vil kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen politikarane skal ignorere.

Han vil vere fornuftig og setje desse ekstra pengane på bok i påvente av dårlege tider.

Eller for å vere litt meir nøyaktig. Som vi tidlegare har fortald har Kinn kommune budsjettert med inntekter frå Havbruksfondet dei kommande åra, men dette er pengar som er høgst usikre. Berre i 2025 fekk Kinn kommune 6,6 millionar kroner mindre enn det dei hadde budsjettert med.

Bang-Olsen sitt råd er at dei ekstra pengane som kjem med budsjettforliket på Stortinget i sin heilskap blir brukt til å kompensere for desse pengane.

Det kan gjere behovet for å auke eigedomsskatten mindre dei kommande åra.

– Overføringar som følge av budsjettforliket bør derfor nyttast til å redusere inntekter frå havbruksfondet, og såleis også reduserer behovet for å erstatte tilskot frå havbruksfondet med andre inntekter som eigedomsskatt, skriv kommunedirektøren i eit notat til Kommunestyret i forkant av budsjettmøtet i neste veke.

Kommunedirektøren tilrår å redusere budsjettert inntekt frå havbruksfondet med sum tilsvarande den auka overføringa frå staten, om lag 9,7 millionar kroner, i 2026 og 2028. I åra utan auksjonsinntekt tilrår kommunedirektøren å redusere tilskot frå havbruksfondet med 0,551 millionar kroner. Framleis er budsjettert inntekt frå havbruksfondet uviss.

Dei kommande åra er det lagt opp til at kommunen skal bruke mykje av disposisjonsfondet sitt for å balansere drifta. I forslaget til økonomiplan er det lagt opp til å bruke 20,505 millionar kroner av disposisjonsfondet i 2027, og heile 53,79 millionar kroner i 2029. Då vil kommunen ha igjen berre snaue 7 millionar kroner på disposisjonsfondet i 2029.

Ved å gjere dei justeringane i budsjettet som kommunedirektøren foreslår vil ein i staden ha om lag 25,2 millionar kroner igjen på disposisjonsfondet. Framleis langt unna målet på 8 prosent, som tilsvarar 174 millionar kroner, men likevel ei klar forbetring frå det forslaget som ligg der i dag.