Herold

Full fyr i trafo i Aurland

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2025-12-11 20:38:51
Full fyr i trafo i Aurland

Klokka 21. 18 fekk 110 Vest melding om røykutvikling frå ein trafo i Aurland.

Første brannmannskap er framme og melder om at det er full fyr i trafoen, opplyser Børre Brekkvassmo, vaktkommandør i 110 Vest.

Trafoen er ved ferjekaia i Flåm og det er mykje røyk i området.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyser at ein båt som låg til kai har blitt flytta lengre bort.

Det er ikkje meldt om personskade.

Straumen er tatt på trafoen og brannvesenet har starta sløkking.

Klokka 21.51 melder 110 Vest at brannvesenet har kontroll.