Politiet åtvarar: – Ser ut til at det er retta mot Sogn
Plus
Svindlarar gjev seg ut for å vera tilsett ved Sogndal politistasjon.
Truleg ingen som har gått på
– Me har blitt kontakta av fleire personar frå Sogndalsområdet, i eit kort tidsrom, som seier dei har fått telefon frå nokon som oppgjev at dei jobbar ved Sogndal politistasjon.
Det fortel politibetjent Louis Aleksander Anda hjå politiet i Sogndal.
– Folk har blitt fortalt at det er teke opp lån i deira namn og at politiet tek kontakt for å hjelpa dei ut av situasjonen. Dei spør etter Bank-ID og kontoopplysningar for å hindra eit pågåande svindelforsøk, men så er det eit pågåande svindelforsøk.
Dette er slett ikkje ein uvanleg metode blandt svindlarar, seier Anda.
– Det er heller ikkje uvanleg at svindlarar ringjer rundt i same område og lagar seg ei historie, basert på kunnskap frå den aktuelle staden for å skapa falsk tryggleik.
Pr. no kjenner ikkje politiet til at det er nokon i Sogn som har gått på og blitt lurt.
– Dei har skjønt at det er svindel.
Politiet informerer no i håp om at det kan hindra at nokon blir svindla.
– Eg vil presisera at politiet aldri ber om Bank-ID og kontoopplysningar på telefon eller e-post. Skal me ha tak i sensitiv informasjon må folk møta opp på stasjonen, seier Anda.
– Kva skal folk gjera om dei får ein slik telefon?
– Legg på. Iallfall ikkje gje frå deg opplysningar. Og skulle ein bli utsett for svindel er det viktig å ta kontakt med banken for å prøva å stoppa utbetalinga. Det er tidskritisk. Saka kan også meldast til politiet.
*– Er desse svindelforsøka noko de etterforskar? *
*– *Det kjem an på omfang og alvor. Svindel skal absolutt etterforskast, men når det ikkje er nokon som har blitt svindla blir det ikkje oppretta ei konkret sak. Men me innhentar informasjon som kan koma til nytte seinare.