Regnbyene vil dominera framover, men håp om kulde i romjula
Plus
– Det er dessverre ikkje dei store gladnyhenda å koma med. Det blir ein grå og våt periode framover.
Kaldare romjul?
Det seier vakthavande meteorolog Johanne Ordahl i Meteorologisk institutt
Inn mot helga vil det regna ein del, men det kan letta litt innimellom.
Onsdag kveld blei det sendt ut gult farevarsel for regn. Då stod det at det lokalt var venta mellom 80 og 110 millimeter nedbør på 24 timar.
Ho fortel at fredagen startar grå og tørr, men at nedbøren vil auka på i løpet av kvelden.
– Laurdag og søndag er det stort sett regn som gjeld og det er venta rundt 40–50 millimeter til saman, fortel meteorologen.
Brannsjefen om husbrannen: – Bygget var tapt då vi kom fram
Meteorologen forklarar at vêret er svært lågtrykksdominert for tida.
*– Det er mildvêr, og når temperaturen ligg på tosifra tal, kjennest det ikkje akkurat som desember. *
Mot slutten av neste veke kan gradene gå litt ned igjen. Inn mot julaftan ser det ut til å bli kaldare, kanskje mellom 0 og 5 grader.
Når det gjeld ei tidleg prognose for julevêret, er det framleis noko usikkert. Prognosane viser eit spenn i temperaturane, men at temperaturen mest sannsynleg vil legga seg rett over fem grader på den store dagen.
– Det er ikkje noko som tyder på at det blir frost akkurat på julaftan. Men i romjula kan det vera større sjanse for at temperaturen kryp ned mot 0, og då kan det bli frost, seier Ordahl.
Bil i fjellveggen