May Britt tel på knappane. Iglandsvik kan miste blomsterbutikken
Plus
2025 har vore eit vanskeleg år for Livsstilsbutikken Farmen på Iglandsvik i Bremanger. No vurderer dei å gi seg med blomster. I verste fall kan det bety at heile butikken blir lagt ned.
Sommarsalet svikta
Meir enn berre ei lita nisjebutikk
Mange turistar
Håpar på ein god julehandel
Etter 14 år med blomster i vareutvalet står nisjebutikken Farmen på Iglandsvik ved eit vegskilje. I eit Facebook-innlegg kjem innehavar May Britt Liset Bratseth med eit hjartesukk.
– Ønskjer du å framleis ha oss her, ein lokal butikk som har dørene opne året rundt, som hjelper deg med blomster til glede og sorg – så må du bruke oss no, skriv ho.
Bakgrunnen er at salet av blomster har gått mykje ned i 2025. Ho peiker på konkurransen med daglegvarebutikkane som ein vesentleg del av årsaka til det.
– Eg har inntrykk av at mange småbutikkar har hatt eit tøft 2025, og særleg blomsterbutikkane. Kombinasjonen av dyrtid, høgare kostnader og sterk konkurranse frå daglegvarekjedene gjer det vanskeleg å få økonomien til å gå rundt, seier ho.
Ho ser at matvarebutikkane sel blomar til same pris som det ho må betale for å kjøpe dei inn. I tillegg har fraktkostnadane auka, samtidig som tilgangen på varer har vore vanskelegare. Det toppa seg i sommar då daglegvarekjedene kjøpte opp store mengder av sommarplantane, medan Farmen ikkje fekk tak i varene dei trengde.
– Dermed vart sommarsalet mykje svakare enn vi hadde håpa, seier Bratseth.
Ho skjønte då at 2025 ville bli vanskeleg, og at det kanskje ikkje ville bli så mykje betre i 2026 heller.
– Sidan då har vi vore i tenkeboksen.
At ho no går ut på Facebook og ber folk bruke butikken er eit nok eit teikn om at ho er på veg ut av tenkeboksen igjen. For ho kan ikkje halde fram og subsidiere blomstersalet. Om ikkje noko endrar seg vil resultatet truleg bli eit farvel til blomster i vareutvalet. I verste fall kan det bli kroken på døra for heile butikken.
– Blomsterdelen står for om lag ein tredel av inntektene i butikken. Det er ein fare for at om det eine ryk, så ryk det andre og.
Ho minner om at Livsstilsbutikken Farmen er meir enn berre ei lita nisjebutikk.
– Vi er ein relativt stor arbeidsplass i ei lita bygd, med ein på fulltid, to i halv stilling, og fleire studentar som stepper inn når det trengst. Det hadde vore synd om dette blei borte.
Ho trur eit eventuelt farvel med blomster – eller butikken – vil merkast i Bremanger.
– Om sommaren kjem mange turistar innom. Dei seier ofte at dei kjem til Bremanger for to ting: for å handle på Farmen og for å ete på Knutholmen. Vi har blitt ein liten institusjon her, og det er ikkje så mange andre butikkar i området enn kolonialane.
Ho seier ikkje at daglegvarekjøp er feil, men meiner folk bør vite kva som står på spel.
– Om ein sparer 20 kroner på ei plante i matbutikken, kan konsekvensane bli store om alternativet er at den lokale butikken forsvinn.
Dei neste to vekene er tradisjonelt dei beste i året. No håpar ho dei kan bidra til å avgjere framtida.
– Vi har vore opne om situasjonen, og responsen etter Facebook-innlegget har vore veldig fin. Men det er stort sett frå dei kundane som allereie bruker oss. Dei som ikkje handlar her, bryr seg kanskje ikkje like mykje – men det er jo nett dei vi er avhengige av no.
Ho eig bygget sjølv og avgjer sjølv når og korleis ho eventuelt vil avvikle, men legg ikkje skjul på at det nærmar seg eit punkt der valet må takast.
– Eg har drive butikk her i 25 år og snudd meg rundt mange gongar med vareutval og konsept. Vi starta med blomar for 14 år sidan, og eg var skeptisk då òg. Men det gjekk over all forventning og har vore ei glede å drive med. No får vi sjå om vi får til ein god julehandel – eller om tida for blomster på Farmen går mot slutten.