Herold

Framleis stengd etter ras. Geolog på plass fredag

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2025-12-11 15:37:49
Framleis stengd etter ras. Geolog på plass fredag

Vegen i Mulen er framleis stengd etter at ein stor steinblokk og jordmassar rasa ut torsdag.

Det stadfester Leif Halvor Kårstad, einingsleiar ved Teknisk drift i Sunnfjord kommune, til Firda torsdag ettermiddag.

Stor steinblokk rasa ned. Vegen er stengd

– Den var mykje større enn det vi hadde trudd og vi må jobbe meir før vi kan opne, seier han.

Kårstad skal sjølv ut til staden fredag og då vil han ha med seg ein geolog.

– Vi må vurdere om det er meir som kan losne frå staden der steinblokka kom ifrå, seier han.

Kart med ID 443712