Meldt til politiet etter at arbeidarar blei utsette for kreftframkallande stoff
Plus
To arbeidarar bar rundt på bøtter med kreftframkallande stoff i timevis. No er Equinor meldt til politiet for hendinga.
Fare for liv
Ser alvorleg på hendinga
Det er det statlege tilsynet Havindustritilsynet (Havtil) som har gått til politiet med saka.
– Havtil har 11. desember 2025 meldt Equinor til politiet etter oppfølging av hending med kjemisk eksponering ved raffineriet på Mongstad 29. oktober 2025, skriv dei i ei pressemelding.
Det var VG som først var ute med å omtale saka.
Det var altså i slutten av oktober at hendinga oppstod. Men først tre veker seinare i november blei tilsynet kjent med saka.
Som tilsynet skreiv i rapporten sin frå hendinga blei to arbeidarar utsett for «høg kjemisk eksponering i samband med ein arbeidsoperasjon med fylling av reformat/nafta» på eit måleinstrument.
Nafta er ein kjemikalieblanding som inneheld det kreftframkallande stoffet benzen.
Dei to fylte nafta over i tilitersbøtter og frakta desse til måleinstrumentet dei var sett til å fylle blandinga på. Arbeidet gjekk føre seg i fem timar, og fylling av bøttene, som ikkje hadde lokk, blei gjentatt ni gonger.
Etter hendinga stoppa Equinor med det same bruken av nafta i arbeidsprosessen. Men samstundes fortsette dei å bruke metanol til liknande arbeid. Det reagerte tilsynet på.
I rapporten sin frå hendinga skreiv tilsynet at «Hendinga og dei årsaksforholda som no er avdekka viser at det er ei snarleg og reell fare for liv og helse knytt til handtering av metanol på Mongstad»
I oppfølginga si av hendinga skal Havtil ha avdekka at den kjemiske eksponeringa som arbeidstakarane blei utsett for er alvorlege brot på ei rekke bestemmingar gitt og i medhald av arbeidsmiljølova.
I pressemeldinga si skriv Havtil at dei vil fortsette oppfølginga si av forholda på Mongstad, og hjelpe politiet ved behov.
Til VG seier talsperson for Equinor, Ellen Maria Skjælsbek, at dei tar utviklinga i saka til etterretning.
– Vi vil sjølvsagt samarbeide med politiet. Og vi ser alvorleg på hendinga.
Bar bøtter med kreftframkallande stoff i timevis: – Reell fare for liv