Herold

Tilsette vart informerte: Administrasjonen vil samla ortopedisk aktivitet i Førde

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Silje Vindedal Published: 2025-12-11 12:15:15
Tilsette vart informerte: Administrasjonen vil samla ortopedisk aktivitet i Førde

Ortopedisk aktivitet blir tilrådd samla ved Førde sentralsjukehus.

Leiinga i Helse Førde har hatt informasjonsmøte med tillitsvalgte, leiarar og tilsette sidan tidleg torsdag.

Frå klokka halv tolv var dei fleste samla til møte i kantina og like etter klokka 13 var det framleis ikkje kome ut noko offentleg informasjon.

Etter det Sogn Avis kjenner til var tilrådinga administrasjonen i Helse Førde å legga ned ortopedien på Lærdal sjukehus.

Det stadfestar administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.

– Prosjektgruppa har vurdert samling av all ortopedisk verksemd i Førde. I rapporten kjem det fram at samling er forsvarleg og vil gje ei innsparing på cirka 24 millionar, seier Varden til Sogn Avis.

– Me vil legga vekt på pasienttryggleik og pasientbehandling, og gjennomføringa må skje i ein strukturert prosess, seier Varden.

Helse Førde utdjupar dette i ei pressemelding, og det er fleire punkt knytt til ortopedien:

Når det gjeld barseltilbodet opplyser Helse Førde at det skal arbeidast vidare med å finna gode løysingar for Indre Sogn, med tett dialog og samarbeid med kommunane.

God start-eininga i Lærdal held fram som i dag, i samarbeid med kommunane i Lærdal og Årdal.

Det skal utgreiast alternativ organisering av barseltilbod, poliklinisk aktivitet og følgeteneste i Indre Sogn, fortrinnsvis etter samme modell som i Nordfjord. Dersom dette ikkje er mogleg, skal ein vurdere å samle barseltilbodet ved Førde sentralsjukehus. Utgreiinga skal leggast fram for styret innan 1. juni 2026.

Me kjem attende med oppdatering og reaksjonar.