Held fast på delvis nedleggingsforslag, barsel kan bli redda
Plus
Barselavdelinga på Nordfjoreid og i Lærdal skal drive vidare, men ortopedi blir samla i Førde.
Samlar ortopedien i Førde
Kommunane tungt inne
Ambulansekutt i distrikta
Det vart hovudtillitsvald Silje Marit Hjelmeland på kirurgisk klinikk i Førde orientert om tidlegare i dag.
– Dei har fått til ei ordning på Eid ved at kommunane spyttar inn noko pengar, og så skal dei prøve å få til ei ordning i Lærdal. Det vi har fått beskjed om er at ein skal drifte vidare her inntil vidare. Men det blir sikkert gjort nokre justeringar, seier ho til Firda.
No har Helse Førde-leiar Arve Varden kome med si innstilling, som skal bli endeleg behandla i januar.
Kva gjeld dei ortopediske avdelingane vil drifta bli lagt ned både på Nordfjordeid og i Lærdal, og aktiviteten samla i Førde.
Lærdal sjukehus skal ha eit poliklinisk ortopeditilbod for pasientar i opptaksområdet inntil to dagar per veke (utanom ferie og høgtider, melder Helse Førde i ei pressemelding. Der skal og bli greia ut «eit tilpassa skadepoliklinisk tilbod» ved Lærdal og Nordfjord på dagtid i kvardagar.
Både Lærdal og Nordfjord sjukehus skal ha eit dagkirurgisk tilbod med inntil 30 operasjonsdagar i året.
Det har vore sagt at rundt 50 arbeidsplassar i Lærdal ville kunne blir råka om begge avdelingane blir lagt ned. Tilrådinga er at samlinga til Førde skjer seinast til sommaren.
– Og ved barselavdelinga her i Lærdal jobbar det vel ein seks-sju tilsette. Resten jobbar på ortopedien, seier Hjelmeland.
– Med dei kuttforslaga som vi legg fram i dag, vil talet tilsette ved Lærdal sjukehus bli redusert med rundt 40 stillingar, seier Helse Førde-sjef Arve Varden.
Kommunane Bremanger, Stad, Kinn, Gloppen og Stryn er inne og sikrar vidareføring av God Start-modellen og barseltilbodet ved Nordfjord sjukehus.
I Lærdal vil Lærdal kommune og Årdal kommune sikre at God Start held fram som i dag, inntil vidare:
«Det skal utgreiast alternativ organisering av barseltilbod, poliklinisk aktivitet og følgeteneste i Indre Sogn, fortrinnsvis etter same modell som i Nordfjord. Dersom dette ikkje er mogleg, skal ein vurdere å samle barseltilbodet ved Førde sentralsjukehus. Utgreiinga skal leggast fram for styret innan 1. juni 2026», skriv Helse Førde.
Ambulansekutta skal spare 5,6 millionar kroner i året:
Døgnbilen i Lavik blir flytta til Fjaler, og stasjonen i Lavik blir gjort om til beredskapspunkt. Dagbilen i Fjaler blir lagt ned. Då er det to døgnbilar att i området, éin mindre enn i dag.
Hudpoliklinikken i Florø blir lagt ned og flytta til Førde.
– Nokre vil meine vurderingane mine er feil, men eg må ta det valet eg meiner er best for Helse Førde og tilbodet vi skal gje innbyggarane som heilskap. Med alle forslaga mine i dag har vi ein ambisjon om å reduser dei årlege kostnadane med mellom 30 og 35 milionar kroner, seier Varden.
*– Men det er jo ikkje i nærleiken av nok, når de i år går mot eit underskot på 130 millionar kroner? *
– Nei, og det er eg heilt open på at det ikkje er. Men det er så langt vi er komne no.
Dette stod på kuttlista
Kommunen redda Helse Førde-tiltak i Nordfjord
Slik meiner han økonomien kan bli snudd: – Fjern behandling utan verdi
Får 42 millionar av regjeringa
Går mot underskot på 130 millionar