Herold

Stengd for all ferdsle inntil vidare

Plus
Kilde: HF Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2025-12-11 11:29:19
Stengd for all ferdsle inntil vidare

Onsdag gjekk det ras på Skjeggedalsvegen. Torsdag er vegen framleis stengd.

– På grunn av tett skodde og store nedbørsmengder har ikkje geolog kunna gjennomføre vurdering i dag, melder dagleg leiar i Trolltunga AS, Åse Marie Evjen, torsdag.

Det vil bli gjort ei ny vurdering fredag. Vegen er difor stengd for all ferdsle inntil vidare.

Trolltunga AS vil kome tilbake med meir informasjon så snart dei har det.

Ras stenger Skjeggedalsvegen