Herold

Det store trønder­ranet

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Kenneth Langvatn, styreleiar og Sverre Øvrelid Steen, dagleg leiar Published: 2025-11-18 08:16:29
Det store trønder­ranet

Kva skjer når matematikk blir politikk – og helseressursane skeivfordelast?

Det store trønder­ranet

Kenneth Langvatn, styreleiar og Sverre Øvrelid Steen, dagleg leiar

Sunnmøre regionråd

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Her i helseregionen Midt-Norge veit vi dessverre svaret: Eitt sjukehus kan bygge eigenkapital i milliardklassa, medan andre må leve på driftskreditt. Dette er ei historie om systematisk forskjellsbehandling, om ei favorisering av storebror i søskenflokken, som vi ville skjemmast over, viss det skjedde på privaten.

Dei regionale helseføretaka har eit «sørge-for»-ansvar for å sikre at befolkninga har tilgang til spesialisthelsetenester uavhengig av postnummer. Til det får dei statleg finansiering som skal fordelast til helseføretaka som leverer tenestene. Dette er kjernen i helseregionen sitt samfunnsoppdrag.

Men når Helse Møre og Romsdal år etter år må ta opp driftskreditt, samstundes som St. Olavs hospital bygger opp milliardoverskot, må vi stille eit ubehageleg spørsmål:

Er fordelingsmodellen, som Helse Midt-Norge har valt, rettferdig – eller er han med på å skape forskjellane han skulle jamne ut?

Helse Midt-Norge valde å ikkje følge prinsippa i den nasjonale modellen for fordeling av basisramma mellom helseregionane, som bygger på at 75 prosent blir rekna ut frå definerte kriterium og 25 prosent er knytt til helseføretaka sine faktiske kostnadsnivå.

Sidan 2011 har St. Olav samla opp over 4,2 milliardar kroner i overskot. I same periode har Helse Møre og Romsdal hatt likviditetsproblem i 12 av 14 år, trass i høg effektivitet. I år er underskotet venta å bli over ein halv milliard. Dette skjer ikkje fordi føretaket driv ineffektivt – men fordi modellen for inntektsfordeling slår systematisk skeivt ut.

Sunnmøre regionråd meiner at ein sentral del av forklaringa ligg i noko dei færraste utanfor fagmiljøa kjenner til: kvadrerte brutto driftsutgifter. Denne mekanismen er del av Magnussen 2-modellen, og har som formål å ta omsyn til uforskylde kostnadsulemper i regionsjukehus. Men i praksis får modellen ein heilt annan effekt.

Når brutto driftsutgifter blir opphøgd i andre potens, blir forskjellar i kostnadsnivå kunstig forstørra. Store kostnadstal – som St. Olav sitt – blir blåst opp. Lågare kostnadstal – som Helse Møre og Romsdal sitt – blir relativt mindre.

Det betyr at dei historisk høge driftskostnadene ved St. Olavs blir gjort til eit tungtvegande argument for større del av kaka, medan Helse Møre og Romsdal sitt moderate kostnadsnivå får minimal effekt. Ein mekanisme som skulle sikre rettferdig fordeling, endar dermed med å sementere historiske forskjellar.

Dette blir ytterlegare forsterka av eit anna val gjort av Helse Midt-Norge: dei brukar ikkje den nasjonale fordelingsmodellen, som vektar kostnadsgrunnlaget 75 prosent etter objektive kriterium og 25 prosent etter historiske kostnader. I staden har dei valt 50/50-vekting. Det betyr at St. Olav sine faktiske, historisk høge kostnader får dobbelt så stor påverknad som dei ville hatt ved å følgje den nasjonale modellen.

Kombinasjonen av desse to faktorane – kvadrering og 50/50-vekting – skaper ein modell som systematisk favoriserer det dyraste helseføretaket og underfinansierer det mest effektive. Resultatet har vi som bur i Møre og Romsdal fått observere år etter år: kutt, stengde sengepostar og stram likviditet, medan pengebingen i Trondheim veks.

Sunnmøre regionråd har bedt styret i Helse Midt-Norge vurdere konsekvensane av at St. Olavs hospital har opparbeidd store overskot, medan Helse Møre og Romsdal har hatt langvarige likvidtetsutfordringar.

Vi har ikkje fått svar på dette spørsmålet.

I staden ber Helse Midt-Norge oss samanlikne Møre og Romsdal med Sørlandet og Innlandet. Vi kan like gjerne sjå til eigen region: Helse Nord-Trøndelag har lågare effektivitet og færre spesialiserte funksjonar, men betre økonomi. Vi kunne reist endå lengre nordover og funnen demografiske og geografiske utfordringar som liknar Møre og Romsdal sine, og vist til endå betre relativ effektivitet.

Men denne ytringa handlar ikkje om å stille sjukehus opp mot kvarandre. Det handlar om innbyggjarane sin rett til helsetenester av lik kvalitet, uavhengig av kvar dei bur. Når økonomien til eit helseføretak er permanent pressa, er konsekvensen svekka rekruttering, lengre ventetider, dårlegare beredskap og risiko for at funksjonar forsvinn ut av regionen.

Så dette handlar ikkje eigentleg om budsjettrammer. Det handlar om tryggleik, beredskap og helse for folk som bur i fylket vårt.

Slik vi ser det illustrerer Helse Midt-Norge si fordeling av den statlege finansieringa eit alvorleg demokratisk problem. Lokalpolitikarar skal ikkje opptre som medisinarar, men medisinarar skal heller ikkje opptre som lokalpolitikarar når det gjeld å bestemme befolkninga sin tilgang til spesialisthelsetenester.

Helse Midt-Norge pressar no Helse Møre og Romsdal til å gjennomføre store innsparingar. Det finst derimot ei grense for kor mykje eit allereie underfinansiert helseføretak kan spare før det går ut over kvalitet og sikkerheit. Helse Møre og Romsdal er i ferd med å passere den grensa no.

«Sørge for ansvaret» er overordna sett eit politisk ansvar. Difor lurer vi på kva helse- og omsorgsministeren synest om Helse Midt-Norge si fordeling av dei statlege tilskota?

I Sunnmøre regionråd meiner vi at ein trønder er mykje verd, men ikkje meir enn ein sunnmøring.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (17)

Eitt (entity) Helse Midt-Norge (organization) Helse Møre (person) Helse Nord-Trøndelag (organization) Innlandet (entity) Kva (entity) Langvatn (entity) Magnussen (entity) Midt-Norge (entity) Møre (entity) Nordvest (entity) Rbnetts (entity) Romsdal (place) Sunnmøre (entity) Sverre Øvrelid Steen (person) Sørlandet (entity) Trondheim (place)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Helse Møre og Romsdal, Helse Midt-Norge, St Olavs, Sunnmøre regionråd, St. Olavs hospital, Møre og Romsdal