Herold

Friskule på Voss er framleis mogleg – og framleis viktig

Plus
Kilde: Hordaland Author: Voss Friskule v/Kjartan Slettemark, Øystein og Sigrid Hilleren, Øystein Måkestad, Solgunn Eide Kvamme, Arne Mørkve og Lina Bordun Published: 2025-12-11 10:25:20
Friskule på Voss er framleis mogleg – og framleis viktig

Vi er mange på Voss som ønskjer at alle elevar skal få ein skulekvardag der dei trivst, kjenner seg trygge og opplever meistring. Ungdommane på Voss er ulike, og difor trur vi at eit mangfaldig skuletilbod vil gjere bygda sterkare.

Vi er stadig i kontakt med mange foreldre på Voss som ynskjer ein alternativ skule for sine barn. Vi meiner at Voss har plass til fleire måtar å drive skule på, og at ein friskule kan vere eit viktig supplement til dei offentlege tilboda. Målet er ikkje å ta noko bort frå nokon, men å tilføre noko nytt. Friskulen kan hjelpe elevar, foreldre og lærarar til ein ny start. Det vil også dempe behovet for nye bygg. Dette er vinn, vinn for alle om berre friskulen får sleppe til.

Legg friskulespørsmålet dødt: – Utanfor vårt ansvarsområde

Det er rett at skulens godkjenning gjekk ut då vi ikkje klarte å finne eit eigna bygg før skulestart hausten 2025. Men me har ikkje tenkt å leggje ned arbeidet med ein friskule. Vi arbeider for å få ny godkjenning, for vi trur framleis ein slik skule kan vere eit verdifullt supplement i Vossabygda. Heradet ynskjer å vere «inkluderande Voss – bygd for alle». Ei bygd med fokus på mangfold og inkludering har vel også plass til ein friskule?

Skulestruktursaka legg opp til å styrke ungdomsskulane i Vossestrand og Granvin. Ein friskule i sentrum vil hovudsakleg ha flest elevar frå sentrumsområdet, og vil i liten grad true grendaskulane.

Voss ungdomsskule har i følgje Multiconsult snart fleire elevar enn det er plass til. For oss handlar ikkje dette om å svekke det offentlege skuletilbodet, men å gje fleire barn og unge moglegheita til å lukkast. Det finst elevar som slit med å finne sin plass i den offentlege skulen, sjølv om vi er overtydd om at alle i skulen gjer sitt beste.

Ein mindre skule, med tettare relasjonar mellom elevane og dei tilsette, kan vere avgjerande for at desse elevane trivest. Forsking syner at for elevar som står i varig mistrivsel, kan eit skulebytte vere heilt nødvendig for å kome tilbake på skulen. Dersom vi klarar å gi desse elevane ein skulekvardag der dei trivst, kan det på sikt føre til lågare behov for kostbar individuell tilrettelegging og mindre press på PP-tenesta i heradet.

Nokre er urolege for at pengar blir «tatt frå» den offentlege skulen dersom nokre elevar byter til ein friskule. Pengane flyttar seg med eleven fordi dei skal dekke nettopp elevens undervisning og oppfølging. Heradet vil framleis få 15 % av tilskotet pr. elev sjølv om eleven veljar ein friskule. Dessutan tek det 1,5 år frå eleven byter til Voss herad får redusert tilskot til skuledrift, noko som gjer god tid til å områ seg med tanke på ressursbruk.

Vi meiner at familiar på Voss skal ha moglegheit til å velje det skuletilbodet som passar barnet deira best. Vi drøymer om eit Voss der ungdom kan velje mellom fleire gode alternativ. Ein friskule med høg kvalitet og forankring i kristne verdiar, kan vere ein av fleire gode stader ungdomen kan få si utdanning i eit trygt og inspirerande læringsmiljø. Difor held vi fram arbeidet med å få på plass ein friskule på Voss.

Vil etablera friskule på Voss, men møter motbør hjå heradet: – Uryddig

Markering for friskule: – Ein så stor skule som Voss ungdomsskule passar ikkje for alle

Vil starta opp kristen friskule